Hopp til innhold

Trudde lærdøler på fest var UFO

Avisa Valdres vart i september nedringd av valdrisar, overbevist om at dei var vitne til ein UFO.

Det var om kvelden 18. september at fleire valdrisar som såg lyset dei trudde var ein UFO i vestre fjellområde mot Hemsedal og Lærdal.

I tillegg til å ringe avisa, tok også enkelte kontakt med astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

UFO var lyskastar

Men det skulle vise seg at valdrisane gjekk fem på. For ein kar på jakt ved Flågrunnshytta, Olaf Sanden, kan fortelje til Avisa Valdres at heile oppstyret skuldast ein lyskastar ved Villaksen i Lærdal.

- Eg såg sjølv lysglimta. Dei kom og gjekk, med systematiske mellomrom. Tidlegare har eg sett det på Tønjum, fortel han til avisa.

- Spesielle forhold

Ein lattermild Joar Søhoel ved Laksen Pub og Restaurant er berre overraska over kort sterkt lyset deira, ein såkalla "Skytracker", er.

- Eg veit dei har sett det inn ei Årdalsfjella, men aldri høyrt at det har nådd så langt. Men det var spesielle forhold denne kvelden den 18. september då vi hadde skytrackeren på i samband med arrangement på Villaksen. Det var både kaldt og fuktig, og når det er lågt skydekke, så kan lyset slå ned, seier han til avisa.