Hopp til innhold

Trudde ulykka var slutten på karriera

Hødd-spelar Erik Sandal frå Deknepollen såg slik ut etter at bilen han køyrde vart treft av eit lastebilhjul i 2007. Han trudde det var slutten på fotballkarriera. Men laurdag spelar han cupfinale mot Tromsø.

Erik Sandal

STYGGE SKADAR: Erik Sandal måtte sy mange sting i eine øyre, og var sterkt forslegen etter ulykka i 2007.

Foto: Stig Høynes/privat / NRK

Det var i slutten av september at Sandal hadde med seg lagkameratane Paulo dos Santos og Andreas Sørgård Olsen i bilen.

Dei skulle til flyplassen på Vigra for å fly vidare til Austlandet for å spele bortekamp mot Bærum.

Den kampen skulle dei aldri få spele.

For ut av tomme intet kom eit lastebilhjul susande mot fronten av Sandal sin bil, skriv smp.no. Til alt hell klarte Sandal å vri bilen slik at hjulet trefte førarsida.

Hugsar ingenting

– Hadde eg ikkje klart å svinge unna, hadde det komme inn frontruta. Egla meg langt ut i sida på vegen, men det er framleis ei gåte for meg korleis vi ikkje hamna i grøfta. Det er veldig svart for meg frå det small til eg vakna opp i ambulansen, seier Sandal til Sunnmørsposten.

Utruleg nok fekk ingen av dei tre i bilen alvorlege skadar. Sandal måtte sy ein del sting i det eine øyret.

– Når eg tenkjer på det som skjedde, så forstår eg at vi hadde englevakt. Det var enorme krefter som var i sving, og hadde eg køyrt ein gammal og dårleg bil, kunne dette gått veldig gale, seier Sandal til avisa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erik Sandal (t.h.) jublar over cupfinalebillett.

SUPERGLAD: Erik Sandal (t.h.) jublar etter at cupfinalebilletten er sikra.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Trudde karriera var over

Han legg ikkje skjul på at han trudde han hadde spelt sin siste fotballkamp.

– To månader etter ulykka villle eg gå til trening, som var rundt 800-900 meter frå der eg budde. Men eg måtte bli køyrd heim att fordi eg vart uvel og fekk hovudverk, seier Sandal.

Han legg til at det først er når du ikkje kan drive med du likar, at du forstår kor mykje det betyr.

Men no er midtbanespelaren tilbake på bana. Denne sesongen har han vore plaga med migrene, og har difor måtte droppe både treningar og kampar. Det har truleg med ulykka å gjere.

Gler seg til cupfinalen

– Det er nok noko av grunnen, for eg fekk meg ein solid trøkk. Men det har også samanheng med at eg har slite med allergi, trur Sandal.

29-åringen er no klar til innsats for Hødd mot Tromsø når dei to laga møtest i årets cupfinale.

– Eg gler meg mest til sjølve kampen, men det blir nok veldig gøy å oppleve stemninga dagen før også, seier Sandal til Sunnmørsposten.