NRK Meny
Normal

"Du har lurt oss opp i stry"

Dei utanlandske turistane nekta å tru at bussen køyrde på ein europaveg.

Marit Solveig Nedrebø og passering

HÅPAR PÅ NTP: Bussjåfør Marit Solveig Nedrebø.

Foto: Fotomontasje: NRK/Privat

Bussjåfør Marit Solveig Nedrebø i Firda Billag vart skulda for å ha ført busslasta med utlendingar ut på ville vegar då ho skulle skysse dei på E39 frå Førde i retning Lavik.

– Dei var overtydde om at eg køyrde dei ein stad dei ikkje skulle, vegen var rett og slett for smal. Dei sleit med å tru meg.

Og då dei hadde passert Vadheim og kom til den smale strekninga før Bogstunnelen møtte dei ein personbil og måtte til å rygge.

– Då braut dei ut i «Er det mogeleg?» Og eg måtte berre svare at ja, dette er europavegen vår.

– Ikkje så nøye med vårt arbeidsmiljø

Ho har køyrt buss sidan 1995 og håpar at Nasjonal Transportplan som kjem i morgon kan gje håp om at ho og andre yrkessjåførar får betra arbeidsvilkåra sine.

– Vegstandarden er for dårleg. For dei som har arbeidsplassen sin innandørs regulerer Arbeidsmiljølova korleis fasilitetane skal vere. For oss med arbeidsplass ute på vegane verkar det som det ikkje er så nøye med.

Marit Solveig Nedrebø meiner dei har krav på eit arbeidsmiljø som gjer at dei ikkje får belastningsskadar og blir sjukemelde på grunn av vegstandaren.

– Eg har køyrt buss på ei strekning der det er for smal veg til at to bilar kan passere kvarandre. Det er ein kilometer mellom møteplassane, så dersom to bilar møtest midt på så må ein av dei rygge ein halv kilometer.

På ruta si køyrer ho dagleg vegstrekninga Saltkjelen mellom Bygstad og Osen. Om vinteren ber ho passasjerane om å ikkje sette seg på den sida av bussen som er nærast fjellveggen, fordi det ofte rasar is.

– Eg opplevde det seinast i går at eg fekk issprang på bussen. Dersom rutene blir knuste av isen så er det svært dramatisk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.