Hopp til innhold

Trudde han var edru nok – no er han dømd

Mannen hadde drukke øl saman med vener før han sette seg bak rattet for å køyre den korte turen heim. Det skulle han ikkje ha gjort.

Fjordane tingrett 10

FENGSEL PÅ VILKÅR: Mannen i 20-åra slepp fengsel, om han oppfører seg dei neste to åra.

Marsnatta i vår vart nok ikkje heilt slik mannen i 20-åra hadde sett føre seg. Fredagskvelden tok mannen bilen for å besøke nokre vener, og saman drakk dei litt øl.

Ut på natta bestemte han seg for å køyre den korte turen heim. Sjølv trudde mannen at han hadde ei promille på under 0,2, altså innanfor det er som lovleg for bilkøyring i Norge.

På veg heim vart han stoppa i ein politikontroll. Etter ei blåseprøve fekk politiet mistanke om at han ikkje var edru, og turen gjekk dermed vidare til blodprøvetaking hos lege. Analyseresultata viste at mannen hadde ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,06 promille.

Den unge mannen har forklart at han ikkje møtte verken bilar eller fotgjengarar i løpet av den korte køyreturen, noko retten trudde han på. Likevel meiner dei at mannen burde ha rekna med at han kunne ha møtt på andre, då køyreturen gjekk gjennom eit område der det normalt kunne vere mykje folk.

Retten meiner det også er alvorleg at han hadde med seg ein passasjer på turen, samtidig som dei i formidlande retning legg vekt på at han i retten vedgjekk å ha køyrt bil med promille.

Mannen som er busett i Nordfjord er i Fjordane tingrett dømd til 18 dagar fengsel, med ei prøvetid på to år. Han må i tillegg betale ei bot på 20.000 kroner og må vere utan førarkort i 21 månader.