NRK Meny
Normal

Trudde e-posten var spam - no skal Lars stille ut bileta sine i Paris

Heldigvis sjekka Lars Håberg Ottesen nøyare e-posten han først trudde var spam. Neste veke stiller han ut bileta sine i Paris – med nesten 40 andre kunstnarar.

Palestina-foto

KVARDAG: Eit barn skodar ut over byen sin i Palestina.

Foto: Lars Håberg Ottesen

– Eg skjønte ikkje først kva det var. Men etter å ha sett litt nøyare på det, forstod eg at det var ein invitasjon, seier Ottesen.

Og ein invitasjon til La Quatrieme Image i Frankrike takkar ein berre ikkje nei til. Dermed er Ottesen og 18 av bileta hans på veg til Paris måndag. Der skal dei vere ei veke.

– Det er utruleg kjekt å bli spurt om noko slikt. Det er første gong eg stiller ut på denne måten, seier Ottesen.

Budde ni månadar på Vestbredden

Utstillinga er årleg, og Ottesen er einaste nordmann som er å finne blant utstillarane, som kjem frå heile verda.

29-åringen har meir eller mindre fotografert heile livet, og studerte foto i 2007 til 2009. Til dagen jobbar han som fotolærar ved Sunnfjord folkehøgskule, og nyttar høvet til å fotografere på eiga hand når det passar slik.

Lars Håberg Ottesen

GLER SEG: Lars Håberg Ottesen.

Foto: Lars Håberg Ottesen

Bileta han tek med seg til Paris er frå eit fotoprosjekt kalla «Unfortunately, it was paradise». Bileta er frå Palestina, der han har vore på vitjing mange gonger. Tittelen på biletserien er lånt frå Palestinas nasjonaldiktar, Mahmoud Darwish.

– Det byrja i 2009 då eg fekk høve til å flytte til Vestbredden og bu der i ni månadar. Då fotograferte eg mykje. Sidan har eg vore der med jamne mellomrom, seier Ottesen.

Gøymer seg

INNTRYKK: – Å sjå korleis born og unge prøver å halde oppe eit så normalt liv som mogleg, gjer inntrykk, seier Lars Håberg Ottesen.

Foto: Lars Håberg Ottesen

Har sett djupe spor

– Å møte ein heilt annan kultur er spesielt. Det som har sett djupast spor er å sjå born og unge sine oppvekstvilkår i eit krigsherja land, fortel Ottesen.

Utstillinga i Paris er ei salsutstilling, og Ottesen håpar sjølvsagt at nokon vil ha bileta hans på veggen. Men alt er ikkje til sals.

– Nokre av bileta kan eg ikkje selje. Det handlar om historia til folk, og er ikkje til sals, seier Ottesen.

Spesielt inntrykk gjorde det då han fekk følgje ei 15 år gammal jente i ein flyktningleir. Ho tok han med på næraste gravplass, der den jamaldrande bestekompisen hadde vorte gravlagd to veker tidlegare.

– Han vart drepen av eit skot i ryggen, heilt uforskyldt. Det var utruleg sterkt. Ho kunne vore knust av sorg. Men likevel var ho på ein måte kald, fordi dette for dei er ein del av kvardagslivet, noko dei veit skjer med jamne mellomrom, seier Ottesen.

Piggtråd i Palestina
Foto: Lars Håberg Ottesen
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå