Hopp til innhold

Trudde du det regna mykje i Bergen?

«Vestlandets hovudstad» får i desse dagar mykje merksemd for ny nedbørsrekord. Men når det gjeld regn, er ikkje Bergen hovudstad.

Brekke

VÅTAST I LANDET: Brekke sin rekord er på over to meter meir enn Bergen, og også i år har det kome meir enn fire meter.

Foto: NRK

To av dei mest nedbørsrike stadane i landet, Takle og Brekke i Ytre Sogn, har begge fått over fire meter med nedbør så langt i år. Dei knuser dermed Bergen, som går mot rekord med litt over tre meter.

Men likevel er det eit stykke opp til rekordane i Ytre Sogn, spesielt i Brekke som har Norges-rekorden på over fem og ein halv meter!

Laurdagsrevyen 05.12.2015

VÅT SKULEKVARDAG: Barna i Brekke er vande med regn. Sjå TV-sak frå laurdagsrevyen tidlegare denne månaden.

Her blir det rekord

– Det manglar berre nokre millimeter. Med vêret og vêrmeldingane vi har no, er eg sikker på at rekorden blir slått, seier Rune Nordbotten.

Han har målt nedbør på Botnane i Bremanger i førti år, og har aldri sett liknande som i år. Han har ikkje sett ein opplett dag sidan oktober, og har til no i år notert 3568,7 millimeter, over 3,5 meter.

– Bakgrunnen er ein usedvanleg våt vinter, og ein jamt fuktig vår og sommar. Vi har hatt nokre haustmånadar med ein del godvêr, men det hjelper ikkje, for det har vore veldig vått i november og desember, seier han.

Rune Nordbotten

VANT MED REGN: Det regna godt i dag, men det byrjar Rune Nordbotten å bli godt vand med.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Eitt vått år

Og det er slett ikkje einaste staden det har aust ned i år. For tal NRK har fått frå Meteorologisk institutt for utvalde målestasjonar i Sogn og Fjordane, teiknar eit vått bilete.

Ved Tefre målestasjon i Førde er ikkje alt rekordhåp ute, og det er allereie det nest våtaste året sidan målingane starta i 1993.

Spesielt 1990 og 2011 peikar seg ut som svært våte år, slik tala nedanfor viser.

Nedbør - rekordar, normalar og 2015

Stad

Rekord

2015

Normal

Takle

4747,5 (1990)

4107,2

3179

Brekke - Sogn

5595,9 (1990)

4321,5

3575

Førde - Tefre

3106,7 (2011)

2862,2

2125

Førde - Botnen

3837,1 (2011)

3306,9

2666

Stryn - Kroken

2433,3 (2011)

1971,1

1490

Hornindal

2798,2 (1990)

2159,8

1873

Håpar på ein opplett dag snart

Nordbotten i Bremanger, som altså ikkje har sett ein opplett dag sidan oktober, håpar på betre tider snart.

– Eg har ei evne til å ta vêret som det kjem, men synest det er veldig flott når vi får nokre godversdagar innimellom. Det byrjar å bli mange dagar med regn på rappen. Det er sjeldan det blir like vått år etter år.

Brekke

VÅTT LANDBRUK: Bøndene i Brekke treng ikkje kvi seg for tørke.

Foto: NRK