NRK Meny
Normal

Trudde det var slutten for leiebilsjåfør

Leiebilsjåføren pusta svært tungt, og røysta vart svakare og svakare. Det var panikk. Tim Martin Nymoen frykta det verste då han snakka med kollegaen i telefonen under den dramatiske brannen i Fjærlandstunnelen.

Ledebil utanfor Fjærlandstunneln

Leiebilsjåføren fekk omfattande pusteproblem og fekk hjelp av røykdykkarar for å kome seg ut av Fjærlandstunnelen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Medan leiebilsjøføren kjempa for livet mot brannen i Fjærlandstunnelen, stod kollega Tim Martin Nymoen utanfor og såg røyken velte ut av tunnelopninga. Han var heile tida i telefonkontakt med kollegaen som var inne i tunnelen.

– Etter kvart fekk ho store pustevanskar, og det var vanskeleg å halde kontakt. Eg var redd det nærma seg slutten, han.

Korleis var det å stå utanfor tunnelen og snakke med henne i telefonen?

– Heilt ærleg så hadde eg lyst til å hive på meg røykdykkardrakta til ein av brannfolka og springe inn i tunnelen. Det var heilt frykteleg å stå der og sjå at ein av mine tilsette i verste fall kunne stryke med. Heldigvis fann røykdykkarane henne og fekk ho ut av tunnelen. Røykdykkarane fekk redda ytterlegare ein person, seier Nymoen.

Han er full av lovord om røykdykkarane frå Jølster brannvesen.

– Dei gjorde ein fantastisk jobb, seier Nymoen

Tok lang tid

Han fortel at det tok nærare 40 minutt frå brannen starta til alle var ute av tunnelen.

– Ho var den siste ute av tunnelen. Gleda av å sjå henne i live var ubeskriveleg, seier Nymoen.

Lenge var det fullt kaos inne i Fjærlandstunnelen.

– Ho fortale at folk ropte og skreik. Enkelte prøvde å køyre ut, men den tjukke røyken gjorde at dei krasja. Andre sprang. Det var panikk, fortel Nymoen.

Den kvinnelege kollegaen får behandling for røykskadar ved Sentralsjukehuset i Førde.