Hopp til innhold

Trudde det hadde vore innbrot

Politiet måtte i morgontimane søndag rykkje ut til det som kunne sjå ut som eit innbrot ved ei bedrift i Førde. Etter at politiet hadde saumfare staden vart det konkludert med at det slett ikkje hadde vore uvedkommande på staden. Eit vindauge, som ikkje hadde vorte stengt skikkeleg, hadde blåse opp på grunn av vinden i natt, og dermed løyst ut ein alarm.