Normal

I fem år trudde dei at borna var drepne, men Samah og Sulwan levde - no er dei saman att

Musa og kona Soad trudde at borna Samah og Sulwan var drepne i blodbadet i Darfur i Sudan i 2009. 1. mai vart familien på nytt samla, no i trygge Stryn.

Musa Breima fekk møte att borna som ho og mannen trudde var drepne i Darfur.

SAMLA PÅ NYTT: DøtreneSamah og Sulwan kom til Norge 1. mai. No kan dei igjen bu saman med far Musa, mor Soad og veslebror Fouad.

For etter fleire år på flukt, så synte det seg at borna hadde klart å flykte til, og at dei hadde overlevd angrepet på landsbyen der dei budde.

– Kona mi var ute for å hente vatn og måtte gå i to og ein halv time. Då ho kom heim hadde soldatar drept mange i landsbyen og brent ned hus. Jentene våre var vekke, fortel Musa Bireima.

NRK møter familien heime i Stryn. For berre tre veker sidan kunne han og kona møte døtrene Samah og Sulwan på flyplassen på Sandane.

– Då barna kom på flyplassen, så såg vi barna og kona mi besvimte. Vi grein og grein, men vi kjende dei ikkje att og dei kjende ikkje oss. Men dei såg veslebroren sin og skjønte at det var oss, fortel Musa og smiler.

– Ein fantastisk dag

For det synte seg at då soldatane kom til landsbyen den skjebnesvangre dagen i 2009, så hadde dei sprunge berrføtt til ein nabolandsby. Der hadde nokon teke vare på dei, og først 30. juli i fjor fekk foreldra kjennskap til dette.

Det skulle så gå mange månader, med DNA-testing og papirarbeid før jentene kunne kome til Norge. Ein heilt fantastisk dag, fortel Musa og Soad.

Det var Regionavisa på Sunnmøre som først fortalde den gripande historia om den sudanesiske familien, som no lever eit godt liv i Stryn.

Lever godt i Stryn

For etter fleire år på flukt har no heile familien funne eit nytt og betre liv i Stryn. Sjølv lærte far Musa seg norsk raskt, og vonar at jentene som no er 13 og 14 skal tilpasse seg det norske samfunnet raskt.

– Vi skal klare oss sjølve. No har eg jobb, vi har leilegheit og eg har førarkort og bil. Her i Stryn føler vi oss trygge no alle saman, seier Musa.

Vil aldri tilbake til Darfur

Både Samah (14) og Sulwan (13) er svært glade for at det no kan byggje eit nytt liv saman med mor, far og søsten i Norge.

– Eg er veldig glad. Det er så fint her i Stryn, og eg vil aldri, aldri tilbake til Afrika. Om pappa seier vi skal, nektar eg. Eg gler meg til å lære norsk og byrje på skule, seier Samah til Regionavisa.

Vegopning på Bergum i Førde kommune