Hopp til innhold

Trudde alt var øydelagt

Anders Fannemel trudde at lagkonkurransen var øydelagt etter at han vart tatt av vinden i andre omgang

Ski-VM Lahti 2017.

JUBLAR OVER SØLVET: Anders Fannemel, Johann André Forfang, Daniel Andre Tande og Andreas Stjernen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

NTB/NRK

– Eg tenkte at det var over. Det er vanleg i lagkonkurransar at når ein landar for kort så er det som regel avskrive, seier Fannemel.

I første omgang hoppa Fannemel 131 meter og før andre omgang låg Norge på 4.-plass. Men andre omgang vart ikkje heilt det Fannemel hadde sett for seg. Han var nemleg uheldig med forholda gjekk frå 131 meter i 1. omgang til fattige 112,5 meter i finaleomgangen.

– Eg kom ut av hoppet, og det var heilt daudt. Vinden kom frå sida, og eg var ein av dei første som fekk kastevind frå sida bakfrå. Det er som natt og dag når du kjem ut over kulen.

– Korleis var det å følge frå første til andre omgang, og sjå Norge gå ut og inn av pallen?

– Vi låg som nummer fire etter første omgang. Då trudde eg det skulle bli tøft. Tyskarane hadde tatt seg saman etter litt dårlege innleiande konkurranse. Og så starta eg frykteleg i andre omgang. Eg fekk litt tøffe forhold, og då såg det mørkt ut, men så kom Forfang og berre klinte til, så det snur fort i skihopping, seier Fannemel til NRK.