Hopp til innhold

Truar med aksjon

Innbyggjarane på Farsund i Førde truar med aksjon etter at regjeringa ikkje løyvde midlar til gangveg.

Brua på Farsund i Førde kommune
Foto: Ottar Starheim / NRK

- No må vi vise kva vi meiner her på Farsund. Om det blir å trakke ned brua, eller kva det blir, får vi sjå på, seier ein svært skuffa leiar i Farsund Vel, Odd Harry Strømsli.

- Må vise kva vi meiner

Arbeidet med gangvegen skal i følgje Nasjonal Transportplan starte opp i 2008, men i statsbudsjettet som vart lagt fram i dag, er berre tilsvarande planar i Naustdal og Høyanger nemnde. Det får ein svært Strømsli til å reagere.

- Om det ikkje blir oppstart til neste år, så må vi vise kva vi meiner her på Farsund. Om det blir at vi går med fane over brua, sperrer brua eller kva vi skal finne på, kan eg ikkje svare på no. Men vi må vise at vi ikkje er nøgde med det Statens Vegvesen og politikarane har funne fram til, seier han og presiserer at han ikkje har drøfta eventuelle reaksjonar med resten av styret.

Håpar på kommunen

I dag er det hus og bur born på 24 av tomtene på Farsund, men det blir stadig fleire innbyggjarar på Farsund. I alt bur det kring 50 born der. Men for dei mjuke trafikkantane er E39 alt anna enn ein trygg skuleveg. Vegen til Sunde skule er svært trafikkert og brua over Jølstra er i tillegg svært smal. I fleire år har innbyggjarane kravd gangveg parallelt til den eksisterande brua. Reguleringsplanarbeidet er starta og planen er ute på offentleg høyring, men no er det lite som tyder på at det blir oppstart i 2008.

- No må kommunen på bana. Dersom det er slik at Statens Vegvesen ikkje set i gang fysisk arbeid i 2008, så må kommunen straks gjere eit planvedtak og sette i gang detaljplanarbeidet utan opphald slik at vi som planlagt får sett spaden i jorda, seier Strømsli.

Refsar politikarane

Leiaren i burettslaget med fleire vart lovd gangvegen då dei flytta til Farsund i 2003. Men også før den tid har grendalaget på Sunde arbeidd for tiltaket. Dei ynskjer ei bru som går parallelt med bilbrua over Jølstra. Elevane har fått buss til skulen, men heller ikkje den ordninga tykkjer Strømsli er noko god løysing.

- Borna vert sleppt av med trafikkert veg og må krysse vegen. Vi vil ha gang- og sykkelveg, seier han og plasserer skulda hjå politikarane om arbeidet ikkje kjem i ganng neste år.

- Det er dei som løyver midlane, så det er dei vi må peike på. Statens Vegvesen er berre eit verktøy i dette, seier han.