Hopp til innhold

Trua med batong i tunnel

Midt i Naustdalstunnelen plukka bilføraren fram teleskopbatongen.

tunnel

Trusselen fann stad midt i Naustdalstunnelen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sunnfjordingen er av Fjordane tingrett dømd til fengsel på vilkår i 90 dagar og 10.000 kroner i bot for episoden som fann stad i november i fjor.

Slo ut teleskopbatong

Den dømde og ein kamerat, som også er sikta i ei større dopingsak i Sunnfjord, hadde nett henta ein tredjeperson då dei stogga midt i tunnelen.

LES OGSÅ: Sju pågripne i stor dop-sak

LES OGSÅ: Distribuerte dop til heile landet

LES OGSÅ: Torpedo skulle fjerne politimenn

Tredjepersonen hadde med seg ein bag med doping og det var i eit forsøk på å få hand om denne bagen at det skal ha blitt trua med batongen.

Dømd for medverknad

Mannen er også ein av fleire medhjelparar som kameraten hans har nytta for å drive omsetnad av anabole steroidar og narkotika på Vestlandet i fjor. Kameraten hans har ikkje førarkort.

I retten vart sunnfjordingen dømd for å ha køyrt kameraten sin til Bergen for å hente pengar etter dopingsal.