Hopp til innhold

Trua med å voldta kvinneleg politibetjent

Sunnfjordingen fekk i seg alt for mykje alkohol. No er han dømd til fengsel på vilkår i 60 dagar.

Mannen i 30-åra hugsa ikkje mykje sjølv frå den fuktige kvelden, men erkjende straffskuld då han nyleg møtte i Fjordane tingrett.

Det var i byrjinga av desember i fjor at sunnfjordingen viste ei framferd få kjende han att i. Mellom anna viste han ei seksuelt krenkande framferd, som gjorde at ei kvinne frykta at ho skulle bli valdteken.

Mannen hamna i klammeri med vener av kvinna, og det var desse som etter kvart tilkalla politiet. Den først så medgjerlege mannen, vart etter kvart aggressiv og prøvde å rive seg laus frå betjentane.

I staden for å bli køyrt heim, gjekk turen om legevakta til glattcella i Førde. Blodprøve av mannen viste ein promille på to.

Mannen sparka, kneip og spytta på politibetjentane. Han sparka etter legen og kalla han i negative ordelag. Om ikkje dette var nok, trua han også med å voldta den kvinnelege politibetjenten.

Sunnfjordingen er tidlegare ustraffa. Han har ein diagnose som både påtalemakta og forsvarar meinte tala for fengselsstraff på vilkår. Retten meinte hendinga stod fram som eingongshending. Mannen fekk «blackout» og hugsa berre små glimt av kvelden.

Fjordane tingrett dømde mannen til fengsel i 60 dagar og 5.000 kroner i bot. Fengselsstraffa slepp han å sone dersom han held seg på rette side av lova dei neste to åra.