NRK Meny

Trua fengselsbetjent med stol

Ein mann i 30-åra er dømd til 15 dagar fengsel for å ha trua med å knuse ein stol i hovudet på ein fengselsbetjent i Vik. Då hendinga fann stad var mannen nett byrja å sone ein dom på fengsel i åtte år. Han vart funnen skuldig i å ha vore ansvarleg for at kring åtte kilo amfetamin vart transportert frå Oslo til Bergen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote