Hopp til innhold

Trua ambulansepersonell med kniv

Ei kvinne i 40-åra frå Nordfjord er dømd til 21 dagars fengsel i Fjordane tingrett, etter å ha trua ambulansepersonell med kniv. Årsaka var at ho ikkje ville bli med i ambulansen, då katten hennar måtte vere att aleine heime. Kvinna treng ikkje sone dommen, om ho ikkje gjer nokre lovbrot dei neste to åra.