Hopp til innhold

Trua ambulansearbeidarar

Ei kvinne i 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i fem månader på vilkår. Den rusa kvinna trua med å drepe ambulansearbeidarar og var valdeleg mot politibetjentar som skulle hjelpe henne. Fengselsstraffa blir utsett med prøvetid på to år dersom ho fullfører eit behandlingsopplegg for å få bukt med rusproblema.

Ambulanse
Foto: Tor Even Mathisen