Tru det eller ei – denne fiskaren er 100 år

VIK I SOGN (NRK): For Odd Borlaug er 100 år ingen alder. Nesten kvar dag sommaren gjennom fiskar han laks – gjerne saman med Tobias (10).

For Odd Borlaug er 100 år ingen alder. Nesten kvar dag sommaren gjennom fiskar han laks - gjerne saman med Tobias (10).

SPREK: Odd Borlaug er sprekare enn dei fleste 100-åringar. Så ofte han kan fiskar han laks i elveløpet til Vikja i Vik i Sogn. Foto: Randi Indrebø og Rune Fossum Lillesvangstu. Redigering: Randi Indrebø

Odd Borlaug (98) med laks

LAKS PÅ LAND: Odd Borlaug med laksen han fekk for eitt år sidan.

Foto: Audun Holen

– Det var akkurat som eg vart biten av basillen då eg byrja med dette. No er det vanskeleg å la vere å fiske, seier Odd Borlaug.

Han runda 100 år i slutten av mars, men er krystallklar i toppen og kvikk til beins. Nesten kvar dag tek han med seg fiskestonga ned til elveutløpet i Vikja. Der riggar han seg til for å fiske laks – gjerne saman med den 90 år yngre Tobias Holen.

– Det er kjekt å ha han som fiskekamerat. Og ekstra artig når han får fisk, seier tiåringen.

– Det kriblar framleis litt i kroppen, sjølv om eg ikkje er like spent som då eg var yngre. Eg fiskar like mykje på grunn av det sosiale, seier Borlaug.

– Du har fiskedilla!

Han har vore ein lidenskapeleg fiskar så lenge han kan hugse. Tidlegare dreiv han gard – og kona kan røpe at mannen titt og ofte stakk seg unna for å fiske ute på fjorden.

– Han måtte jo fiske, kan du skjønne. Han reiste ofte før eg hadde stått opp om morgonen, ler Ragna Borlaug og ser bort på ektemannen.

– Nja... Gardsarbeidet vart kanskje litt forsømt i periodar, vedgår Odd.

– Fiske har vore heile livet ditt. Du har fiskedilla, ler Ragna hjarteleg.

Odd Borlaug (100) fiskar i lag med Tobias Holen (10)

UNG OG GAMMAL: Odd Borlaug (100) og Tobias Holen (10) fiskar ofte laks side ved side. Dei trivst godt i lag.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Kan vere eldst i landet

Borlaug byrja først å fiske laks i ein alder av 75 år. Men sidan har han vore hekta. Ikkje at fangsten har vore den største, men like fullt fekk han i fjor ein laks på vel fem kilo. Rekorden er på over åtte kilo.

– Du skulle ikkje tru han var meir enn 60. Odd er så sprek, og du høyrer aldri klaging og syting. Dessutan køyrer han laks som berre rakkern, seier leiar Morten Jacobsen i Vik jakt- og fiskelag.

Han har blitt godt kjent med eldstemann i jakt- og fiskelaget, og meiner Borlaug må vere den eldste laksefiskaren i landet. Han kan i alle fall ikkje vere langt unna.

Morten Jacobsen kjem med kake til 100-årsjubilanten

KAKEFEST: Morten Jacobsen og andre medlemmer i Vik jakt- og fiskelag overraska æresmedlemmen deira med diger kake.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

«Ei investering for framtida»

Nede ved elvekanten feirar jakt- og fiskelaget 100-åringen med kaffi og kake etter at fiskesesongen er opna. Odd får ein boks med nye slukar i gåve.

– No har eg slukar for fleire år framover, humrar fiskeentusiasten.

Så langt i år har det ikkje blitt fangst, men han har det ikkje travelt. Blir det ikkje utbyte, kjem det nye sjansar neste år. Det håpar også fiskekameraten Tobias Holen.

– Skal du fiske laks når du blir 100 år, då?

Ja, om eg blir så gammal, kvitterer tiåringen til latter frå Borlaug.