Trøytt og glad Venstre-ordførar: – Det skal verte godt å reise bort frå alt

EID (NRK): Han vart kalla psykopat av partileiar Trine Skei Grande. I går kveld fekk Alfred Bjørlo nær ti gonger så stor oppslutnad som Venstre fekk nasjonalt.

Alfred Bjørlo

KVARDAGEN: Det hjelper aldri så mykje kor populær du er. Sjølv Alfred Bjørlo må smørje nista si sjølv dagen etter at han overraska seg sjølv og partiet med brakvalet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det vart ikkje mange timane på puta. Men sjølv for ein av dei største overraskelsane i Noreg under gårsdagens val er kvardagen raskt tilbake.

NRK møter Venstre sin mest suksessfulle ordførar, Alfred Bjørlo, heime på kjøkkenet i Eid. Praten går lett medan han smør nista, men sjølv propellen Bjørlo må vedgå at energinåvet ikkje er heilt på topp etter feiringa nokre timar tidlegare.

– Eg har ikkje sove så godt. Eg var nok litt for høgt oppe i går kveld til at det vart den store søvnen, vedgår den sitjande ordføraren i Eid.

Snart kan mannen som kallar seg «distriktspsykopat» smykke seg med vervet som ordførar i nye Stad kommune etter rekordsterke 36,2 prosent. Kallenamnet fekk han etter at han trykte opp ei T-skjorte med emneknaggen «distriktspsykopat». Bakgrunnen var at Venstre-leiar Trine Skei Grande omtala den populære nordfjordingen som «psykopat».

Alfred Bjørlo

SJOKKERT: Alfred Bjørlo (i midten) sanka flest røyster av alle i Stad. – Eg skal vere audmjuk. Vi er ikkje noko diktatur, og har ikkje over 50 prosent av røystene, seier han.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Godt det er over

I kjent stil og med stor entusiasme tok imot han det endelege valresultatet natt til tysdag.

– Eg vart slått heilt ut. Det første eg tenkte var at her må det vere noko feil. Dette kan ikkje stemme. Men det var rett. Dette er jo eit heilt ubegripeleg godt resultat, fortel Bjørlo medan brødskiver og vaflar vert pakka inn i matpapir.

– I Selje har eg i lang tid brukt mykje tid og energi på å presentere meg som ordførarkandidat.

Sjølv for energibuntar kan valkampar ta på. Bjørlo vedgår at dei siste månadane har vore tøffe.

– Det er utruleg godt at valet er over. Valkamp er intenst og nervepirrande.

Reiser på kompistur

Til helga dreg han på utanlandstur med gamle gymnaskameratar. Eit årleg høgdepunkt kallar han den turen.

– Det skal verte godt å reise bort frå alt.

– Og snart skal eg og ha ein liten ferietur med kona mi, Magni, som har sett altfor lite til meg. Vi skal rett og slett ha litt tid i lag.

– Personval slo til

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, meiner Bjørlo opplagt har gjort ein god valkamp. Så solid meiner han innsatsen til Bjørlo har vore at han fort kunne ha segla opp som ein potensiell leiarkandidat i partiet om den debatten hadde blussa opp igjen no.

– Dei som kjenner han betre enn meg seier at han er ein fyr full av energi og som har gjort ein god jobb som ordførar i Eid siste åra. Dei har fått veljarane til å forstå at ønskjer dei Bjørlo som ordførar må dei stemme på Venstre. Dei har lagt opp til eit personval som har slått til.

Magnus Takvam

PROFESJONELL: Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, seier Bjørlo er langt meir profesjonell på kommunikasjon enn mange av konkurrentane.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

– Tener på regjeringskritikk

Takvam peikar og Bjørlo sin bakgrunn frå kommunikasjonsbransjen. Han jobba ei stund i PR-byrået Burston-Marsteller. Han har også vore politisk rådgjevar i ulike departement.

– Han veit korleis han skal få fram ein bodskap, og er nok ein langt meir profesjonell aktør enn mange av dei han har konkurrert med.

Samstundes meiner Takvam at Bjørlo også har tent på å vere tydeleg i tilbakemeldinga til leiinga i paritet.

– Han har ikkje vore framand for å markere avstand til politikken til regjeringa når det har dukka opp saker som lokalsamfunnet har vore misnøgde med.