Normal

Tronvik må vente tre nye månadar

Fem nye rusplassar skulle stått klare på Tronvik 1. mai. No blir utvidinga utsett til 1. august.

Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik

MÅ VENTE: Dei nye rusplassane ved Tronvik blir utsette med tre månadar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Helse Førde har ikkje klart å rekruttere fagfolk til stillingane på Tronvik i Høyanger.

- Det er veldig frustrerande for dei som går og ventar på plass, og det råkar ikkje berre den som sjølv har eit rusproblem men det råkar heile familien, seier Astrid Gytri i Landsforeininga for pårørande innan psykiatri.

Skeptisk til Helse Førde

Astrid Gytri

KRITISK: Astrid Gytri.

Foto: NRK

Gytri set spørsmålsteikn ved om plassane heller burde blitt plassert på Nordfjordeid.

Ho er skeptisk til Helse Førde si avgjerd om å utvide Tronvik frå 14 til 19 plassar.

- Ein treng plassar innan rusbehandling i Sogn og Fjordane. Og når Helse Førde no ikkje klarer å rekruttere til å drive dei plassane, så må ein stille spørsmål ved om den satsinga på Tronvik var rett, seier ho.

Heller Eid

Gytri trur rekrutteringa hadde vore lettare å få til på Eid, då det lenge har vore problem med å få folk til å drifte Tronvik.

- Det er naudsynt med noko meir, både for å få eit godt fagmiljø og ikkje minst for kontinuitet når det gjeld tilsette. Eid er ein mykje større stad enn det både Høyanger og Tronvik er, seier ho.

Hard konkurranse

Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch

HAR TRUA: Ole Christian Reusch i Helse Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch, trur dei skal klare å skaffe fagfolka dei treng også denne gongen.

Lokalitet, lite fagmiljø, samt hard konkurranse om fagfolka, kan vere årsak til at faglærde ikkje søkjer seg til Tronvik.

- Det kan alltid bli spørsmål om lokaliseringa er gunstig, men det har vore drive med psykiatriteneste i Tronvik i alle dei år og ein har klart å skaffe fagfolk der også. Vi ville aldri planlagt noko på Tronvik eller i Eid om vi ikkje trudde vi skulle få fagfolk til det, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune