Hopp til innhold

Trønderane kastar seg inn i kampen for skipstunnel

Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) er skuffa over at regjeringa vil redusere Stad skipstunnel.

Tore O Sandvik (Ap)

KOM I GANG: – Når dei finn pengar til garasjen under Stortinget, så må dei finne pengar til skipstunnelen. Ein kan ikkje spare seg til fant, så tunnelen blir så liten at du berre får robåtar gjennom den, seier fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Førre veke vart det klart at regjeringa ikkje vil løyve meir pengar til Stad skipstunnel i forslaget til statsbudsjettet. På måndag kom nok ei nyheit som svei for forkjemparane. Hurtigruten vil ikkje bruke Stad skipstunnel.

Fylkesordførar Tore O. Sandvik i Trøndelag, er oppgitt.

– Eg skulle ynskje vi ikkje brukte mange tiår på å realisere slike prosjekt, seier han.

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) står fast på at arbeidet skal vere i gang i 2022, men at kostnadane må ned.

– Samfunnsnytta og den samfunnsøkonomiske nytta av Stad skipstunnel, gir garantert mykje større samfunnsnytte enn ein stortingsgarasje til 2,5 milliardar kroner, seier Sandvik.

– Må ha kostnadskontroll

Jon Georg Dale

KLARSIGNAL: Jon Georg Dale gjekk til val på å realisere Stad Skipstunnel. Det står han fast på, men meiner kostnadane må reduserast.

Foto: Thor Erik Skarpen / Bane Nor

Den mykje omtala garasjen er no oppe i 2,3 milliardar kroner.

Med ein budsjettsprekk på 1,2 milliardar blir prosjektet rekna som ein skandale.

Prislappen for skipstunnelen er estimert til 2,6 milliardar kroner.

I juni konkluderte ei kvalitetssikring av prosjektet med at skipstunnelen vil bli langt dyrare og mindre nyttig enn førespegla.

– Den eksterne kvalitetssikringa viser at kostnadene blir langt høgare enn det Stortinget har sett av i Nasjonal Transportplan til å realisere Stad skipstunnel. Difor må vi jobbe ned kostnadene og få kostnadskontroll, sa Dale.

Gir konkurransefortrinn

Tunnelen vil bli 1.700 meter lang, 36 meter brei og vere 50 meter høg. Slik den er planlagt i dag, kan skip på størrelse med Hurtigruten nytte den.

Bilde av animasjon skipstunnel

ANIMASJON: Slik er det tenkt å sjå ut for skip som seglar gjennom Stad skipstunnel.

Foto: Rune Karlsen / NRK

Sandvik er oppteken av at planane blir gjennomførte slik dei er tenkt.

– Tunnelen vil styrke sjøen som transportåre og gi næringslivet langs heile kysten nord for Stad nye internasjonale konkurransefortrinn, samt styrke Noreg som maritim stormakt, seier Sandvik.

Rakfisk eller sushi?

Fylkesordføraren viser til at det langs norskekysten er mange eksportnæringar som ser føre seg vekst. Spesielt innan fisk.

Ifølgje ressursportalen.no var Trøndelag i fjor det sjette største eksportfylket i Noreg, med eksport av varer for 25 milliardar kroner. Av dette utgjorde eksport av fisk 64 prosent. Næringa har siste åra eksplodert.

Sandvik meiner vegnettet ikkje har kapasitet for meir godstrafikk. Samstundes er det eit nasjonalt mål å få meir godstransport frå veg til jernbane og sjø.

– Dei første skipa med laks har allereie gått frå Trøndelag. Om sjøen skal ta meir av godstransporten, inngår skipstunnelen som ein av fleire viktige delar for å sikre kostnadar og føreseielegheit, seier Sandvik.

– Skal vi eksportere laks frå Trøndelag til Europa, så kan vi ikkje risikere at laksen blir ståande på Stad å stampe i uvêr. Då blir den servert som rakfisk, og ikkje sushi når den kjem på kontinentet, legg han til.