NRK Meny
Normal

Tromma seg til stjernene i Hollywood

Med bandet "Raw Fabrics" spelte stryningen for 2000 kvar kveld i USA. No drøymer han om å spele i eit av verdas største band.

Jon-Fredrik Hopland

EIN DRAUM: Jon-Fredric Hopland i Raw Fabrics drøymer om å bli eit av verdas største band.

Foto: Pressebilete

– Mange draumar har allereie gått i oppfylling, seier ein smilande Jon-Fredrik Hopland frå Stryn.

Han flytta til Hollywood i 2012. I fjor vart han ferdig på Musicians Institute. Deretter reiste 22-åringen til London med bandet sitt.

– Der jobba vi med ein veldig kjent produsent, Stephen Street, som har jobba med band som The Smiths, Blur og The Cranberries. Så det var på mange måtar starten på det.

Laga plate med kjend produsent

Deretter reiste Hopland tilbake til Los Angeles og spelte inn musikkvideoar.

– Vi la ut første musikkvideoen i mai. Då fekk vi den ut på mange bra musikkbloggar, og vi spelte mange konsertar i L.A den sommaren.

I haust gjekk bandet på nytt i studio og samarbeidde med produsenten Joe Chiccarelli som har jobba med U2, Frank Zappa og The White Stripes.

– Med han spelte vi inn fem songar. To veker etter det reiste vi på turnée med eit band som heiter Chevelle. Det var vår første turnée og eg trur vi spelte for rundt 2000 kvar kveld i tre veker, fortel Hopland.

Jon-Fredrik Hopland

SPELAR FOR 2000: På den første USA-turnéen spelte stryningen med bandet Chevelle.

Foto: Pressebilete

I USA spelte han og bandet Raw Fabric på ein stor festival med blant andre store, kjende band som The Weezer og Fall Out Boy.

– Det er veldig store band og førebilete for oss. Så det var første konserten på den turnéen, så det var ein veldig pangstart, smiler Hopland.

Pangstart på turnéen

Frå Hopland deltok på Ungdommens Kulturmønstring, UKM, har han jobba målretta for å komme dit han er i dag.

– Det er litt rart. Eg har alltid forventa at eg skulle få det til. Det er rart å tenke på at når eg går av scena og har spelt for eit par tusen menneske, så er det berre to år sidan eg sat heime og drøymde om å gjere det, og hadde drøymt om det i 10 år.

Eit av verdas største musikkmagasin har skrive om bandet, i tillegg til fleire andre musikkaviser. Det har ført til at mange radiostasjonar har plukka opp musikken deira.

– Vi har blitt spelt mykje på collegeradioar og andre store radiostasjonar. Det er veldig kjekt på den første EP-en vi har gitt ut.

Kva er ambisjonane dine?

– Vi vil bli eit av verdas største band, eit band som påverkar folk. Vi vil ikkje lage songar som ikkje betyr noko, seier ein fornøgd og glad Hopland.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.