Hopp til innhold

Trolsk julinatt på Jølster

VASSENDEN (NRK): Den varme sommarnatta foreina dei eksotiske rytmane, dei framande språka med det tradisjonsrike tunet og dei kjende tonane.

Brødre spelar langeleik

LANGELEIK: Dei to brørne Ole og Knut Aastad Bråten skapte trolsk stemning i stova.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– This is magic, seier Goalnoosh Salehi og Mahsa Vahdat om konsertlokala. Dei har akkurat halde konsert i ei av stovene på Jølstramuseet i Jølster.

På den varmaste natta i sommar har Førdefestivalen etablert faste konsertområde i Jølstramuseet. Dei har også konsertar i 8 andre kommunar.

Etablerte konsertlokale

På Jølstramuseet er fleire musikarar og grupper samla, og held konsertar i dei tradisjonelle og gamle stovene på tunet. Denne jølsternatta har folk henta fram sommarkleda, og i det frodige og blomsterrike terrenget kan folk slappe av mellom husa og nyte tonane og rytmane frå dei små husa blandar seg.

Iranske publikummarar

IRANSKE ARTISTAR: – Magisk, seier dei to iranske kvinnene etter konserten på Jølstramuseet.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Dei to iranske artistane Salehi og Vahdat har akkurat spelt ein halvtimes konsert i ei av dei eldgamle jølstrastovene, der tradisjonelle trefigurar og åkle har omgitt artistane som sjølv stilte i typiske fargeklare drakter frå Iran.

– Alle er så vennlege og atmosfæren er så spesiell – hyggeleg, seier dei to. Dei har allereie tatt tallause sjølvie-bilete der dei prøver å forevige inntrykka.

Dei iranske artistane traktere strenginstrumenta på facinerande vis under festivalkonserten på Jølster.

Spesielle strengeinstrument og song fascinerte publikum. Foto/redigering: Tone Lin Støfring Skovro

Fulle hus

Kommunikasjonssjef Torill Faleide løftar lett på ein fot for å piske vekk myggen som også har vakna til live. Likevel er dette ein perfekt kveld.

– Det er heilt fullt her. Det er ikkje ein einaste billett å oppdrive. Det er heilt fantastisk, den andre konserten i dag som er utseld. Alt går så bra, seier ho.

Nokre har reist lengre enn andre til konserten. Angela Lu kjem frå Kina.

Kinesisk publikum

KINESISK PUBLIKUM: Angela Lu har reist spesielt for å delta på Førdefestivalen.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Vi har reist frå Kina. Denne konserten er heilt annleis enn venta. De har eit fantastisk rikt kulturliv. Det er veldig fascinerande, seier Lu.

Ho slit likevel med å forstå alt som vert sagt.

– Fleire ting burde kanskje vore kommunisert på engelsk. Vi forstår jo ikkje norsk. Så tidvis forstår vi ikkje kva vi skal vere med på. Det ville truleg også appellere til eit større og meir internasjonalt publikum om meir vart kommunisert på engelsk, meiner ho.

Tradisjon trollbatt

Det er varmt også inne i dei normalt kalde sperrestovene. I kveld er dei fylte til trengsel av folk som vil sjå og høyre. Medan nokon går inn, går andre ut. Brørne Ole og Knut blir møtt av ei fullsett sperrestove. Dei fortel om oppveksten der tonane frå langeleiken til ein onkel inspirerte dei.

Dei to brørene tollbatt publikum med sitt spel på langeleik i dei gamle sperrestovene.

Dei to brørne har spelt på langeleik sidan dei var 16 år. Foto/redigering: Tone Lin Støfring Skovro

– Det kan ikkje vere standard høgde på desse dørene her. Kommentaren fell frå ein av gjestene i det han går ut av ei av dei gamle stovene på Jølstramuseet, etter å ha høyrt indiske tonar frå sarangimusikaren frå India.

Jølstringane var ikkje små – dørblada var låge for at dei skulle helse ubedne gjester velkomne med eit kakk i hovudet viss nokon våga seg innom døra. Så seier soga.