NRK Meny
Normal

Omkøyringsveg opna etter dobbeltrøbbel

Mange har køyrt om Sløvåg og Kringla i Gulen medan E39 er stengd i Romarheimsdalen i Masfjorden. Tysdag kveld var vegen stengd i timevis grunna bilberging.

Laster kart, vennligst vent...

OPNA ATT: Fylkesveg 5 var stengd i fleire timar mellom Geirevatnet og Kringla.

Fylkesveg 5 er ein av omkøyringsmoglegheitene for E39. Hovudfartsåra mellom Sunnfjord og Bergen har vore stengd sidan søndag på grunn av snøskred og fare for snøskred.

Vegen var i fleire timar stengd mellom Geirevatnet, ved Hordaland grense, til Kringla til Gulen.

– Ein betongbil har kvelva mellom Kalhovd og Furebotn. Den er til hinder for trafikken, men ein tungbilbergar er på veg frå Førde. Diverre vil det truleg ta kring to timar før den er på plass, seier vaktoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

SISTE: Vegen var opna att for fri ferdsle klokka 2230.

Sementbil har problem i Gulen

BLIR BERGA: Ein sementbil er ein av to tyngre køyretøy som i kveld sperrar den eine av to omkøyringsvegar til E39 i Gulen.

Foto: NRK.no-tipsar

Også andre større køyretøy treng bilberging på same strekka. I tillegg til Førde Bilberging, er også ein tungbilbergar frå Bergen kalla til staden.

Vegfarande blir oppmoda om å velgje fylkesveg 57 og ferjesambandet Rutledal - Rysjedalsvika.

Stenginga er skilta både på Skei og i Vadheim.

– No har vi ei ekstra oppmoding til langtransporten om å køyre riksveg 5 frå Skei til Sogndal og Lærdal og inn på E16 om ein skal sørover, seier Sleire og legg til.

– Å køyre gjennom Masfjorden er uansett smalt og svingete.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.