Hopp til innhold

Trøbbel med undervarmen i Sogndal

Sogndal Fotball kan ikkje bruke heimebana på Fosshaugane. Årsaka er at undervarmen på kunstgrasbana ikkje verkar.

Sogndal vs. Lillestrøm på Fosshaugane

KUNSTGRAS: Det har vore innkøyringsproblem med undervarmen heilt sidan i haust.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal Fotball seier dei har hatt problem med varmen heilt sidan dei fekk installert det nye anlegget i fjor sommar.

– Vi har utfordringar med undervarmen på Fosshaugane. Heldigvis har vi ein storhall vegg i vegg, slik at oppkøyringa til tippeligaen går sin vante gang, seier han.

Håper på snarleg bruk

Egil B Mundal (til venstre) og Rasmus Mo

TRU PÅ LØYSING: Egil B. Mundal håper spelarane snart kan spele ute igjen.

Foto: Elin Moen Karlsen / Norsk Plan

Han vedgår at det ikkje er ein ideell situasjon og håper dei snart kan trene ute på kunstgraset.

– No når det er 15 minusgrader så vil det uansett ikkje hjelpe med undervarme. Men problemet må løysast snarast, slik at vi får bruke bana når det mildnar litt, seier han.

Innkøyringsproblem

Også i Førde slit dei med same problem i den nye idrettsparken som stod klart il bruk seint i haust. Heller ikkje verkar undervarmen slik den skal.

Fosshaugane bytte ut gras med kunstgras i fjor sommar. Mundal seier anlegget har ein ny teknologi som er spennande både når det gjeld Enøk og fleksibel bruk.

– Vi venta at det ville bli nokre utfordringar, og det har det blitt. Vi har hatt innkøyringsproblem med systemet og hatt problem med å få det til å fungere. Men vi har tett dialog med leverandøren og håper det ordnar seg snart, seier Mundal.