NRK Meny
Normal

Tett snødrev i Sogndalsdalen skapte trøbbel for trafikantane

Det har vore vanskelege køyreforhold gjennom Sogndalsdalen i dag. Mykje snø og glatt veg sperra vegen.

Det var trøbbel i Sogndalsdalen søndag, og fleire vogntog måtte stoppe for å legge kjettingar på.

STOPP: Fleire vogntog fekk problem på det glatte føret i Sogndalsdalen søndag ettermiddag.

– Eit vogntog sperra vegen i Sogndalsdalen, og fleire andre bilar hadde problem, fortel Tor Sivertstøl som har køyrt riksveg 5 frå Fjærland mot Sogndal søndag ettermiddag.

Det har vore tett snødrev i dalen i ettermiddag, og gjort køyreforholda vanskelege. Det fortel vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Sørpe og glatt i Sogndalsdalen

VANSKELEG: Det er vanskelege køyreforhold i Sogndalsdalen søndag kveld.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Danna seg ei ishinne

– Det har vore svært tette snøbyer, og så har det lagt seg eit tynt lag med snø i vegbana. Under snøen har det danna seg is. Så sjølv om brøytemannskapet har både brøyta og strødd har det blitt vanskeleg og glatt, seier Molvær.

Trafikken stod stille i rundt 45 minutt etter at eit vogntog fekk problem i dalen. Vogntog i køen fekk også problem på det glatte føret, og måtte få på kjettingar for å komme seg vidare.

– Då vi stod i køen såg eg at fleire bilar bak meg byrja å skli. Også eit vogntog byrja å skli. Det fekk til slutt lagt kjettingar på, fortel Sivertstøl.

Snø, men problemfritt over fjella

Tidlegare i dag var det ei trafikkulukke i Fjærland som involverte 28 personar i fem bilar. Til alt hell vart ingen av dei alvorleg skadde i ulukka.

Det er snø på alle fjellovergangane, men det har trafikkmessig ikkje vore problem, opplyser Vegtrafikksentralen.

Søndag kveld er det berre riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 13 over Gaularfjellet som er stengt på grunn av uvêr, og blir ikkje opna i dag.

Få oppdateringar på veg og føreforhold på NRK Trafikk.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser