NRK Meny
Normal

Trivst der ho er - men saknar livet på toppen

Liv Signe Navarsete har lagt bak seg eit år med store endringar. Og sjølv om ho er nøgd med livet på slutten av 2014, legg ho ikkje skjul på at ho av og til saknar leiar-rolla.

Liv Signe Navarsete

KLAR: - Eg føler framleis at eg trengst, seier Liv Signe Navarsete.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det er klart at leiarrolla er ein maktposisjon, på same måte som at det å sitje i regjering er ein maktposisjon, seier Navarsete.

Den tidlegare Sp-statsråden og partileiaren legg ikkje skjul på at det av og til kriblar både her og der.

– Når saker kjem opp så hender det at eg saknar begge dei moglegheitene til å gå inn å styre meir enn det eg gjer i dag, seier Navarsete.

Sjølv om den tidlegare statsråden saknar livet på toppen, ser ho moglegheitene i den rolla ho har i dag.

– Eg har no opposisjonsrolla i lag med Senterparti-gruppa. Vi er ei samansveist gruppe som står på for å synleggjere Sp sin politikk, seier Navarsete.

Året starta med litt ståhei

Ho meiner det er vel så viktig.

– Eg føler at eg trengst, og håpar folk vil ta kontakt med meg og leggje fram saker som eg kan ta opp i Stortinget. Vi kan setje saker på dagsorden slik at ein får opp debatten og kan auke presset på dei einskilde statsrådane, seier Navarsete.

Men trass i eit positivt syn på livet, legg ikkje den tidlegare Sp-leiaren skjul på at 2014 har romma mykje. For det har blåse på toppen.

– Det har vore eit omskifteleg år. Det starta med litt ståhei. Jula i fjor var på langt nær så fredeleg og god som julehelga i år, seier Navarsete.

Nestsiste veka i desember i fjor kom evalueringsrapporten av tidenes svakaste Sp-val. Her kom det mellom anna fram at tillitsvalde i partiet meinte leiinga var usynleg i store delar av valkampen, og evalueringa teikna eit knusande bilete av partiet.

– Heilt frå valet var det mykje styr og ståk i Senterpartiet, og det var nokon som ønskte å nytte det resultatet til å bli kvitt ein leiar som einskilde meinte var litt brysom, seier Navarsete.

Ikkje i tvil om valet

I januar i år varsla Navarsete sin avgang og bad partiet kalle inn til ekstraordinært landsmøte så snart som råd.

– Etter kvart innsåg eg at viss partiet skulle få fred til å drive politikk, måtte det takast grep. Det gjorde eg heilt på eigen kjøl. Det var få som visste at eg kom til å takke for meg 11. januar, seier Navarsete.

Og ho er ikkje i tvil om valet ho tok.

Det har vore eit omskifteleg år. Det starta med litt ståhei. Jula i fjor var på langt nær så fredeleg og god som julehelga i år.

Liv Signe Navarsete

– Eg er like sikker i dag som eg var då på at det var eit heilt rett val. Både for partiet sin del og for min del, seier Navarsete.

Ho meiner partiet i løpet av 2014 har klart å etablere seg som eit aktivt opposisjonsparti.

– Så skal det seiast at det er lettare å synleggjere politikken vår no når vi har ei regjering som er så mørkeblå som ho er, legg Navarsete til.

Djup politisk usemje

NRK avslørte i januar at Liv Signe Navarsete like etter valet ringde dåverande statsrådskollega Bård Vegard Solhjell for å få han til å leggje E16 gjennom Lærdal i tunnel, noko som fordyra vegprosjektet med 400 millionar kroner.

I tillegg vart det stadig peikt på usemje og konflikt mellom Navarsete og Ola Borten Moe. Mellom anna hevda fleire Sp-tungvektarar at Moe medvite jobba for å felle Navarsete.

– Eg har heile tida sagt at det handla om ei djup politisk usemje mellom ein fløy i partiet og det eg står for. Den er jo der, seier Navarsete.

Ho legg til at det ligg usemje der, som det skal gjere i eit kvart politisk parti.

– Men no kan ein handtere dei utan at slike saker kjem på førstesida i VG, seier Navarsete.

Ho har gjort seg sine tankar om kvifor nokon ønskte henne vekk frå trona som Sp-leiar.

– Eg er fritalande. Det har eg alltid vore. Eg vil heller vere ein ekte sogning som kallar ein spade for ein spade, enn ein glatt politikar med høge glas og kanapear som seier dei politisk rette tinga til ei kvar tid, seier Navarsete.

Liv Signe Navarsete ber om avløsning som Senterparti-leder og ber partiet kalle inn til ekstraordinært landsmøte så snart som mulig.

Vil halde fram med å seie det ho meiner

Det er ho klar på at ho kjem til å halde fram med.

– Så lenge eg driv på meg politikk kjem eg til å seie det eg meiner. Eg er kanskje ikkje alltid diplomatisk nok, og då blir det lett å ta tak i utsegna og spisse dei, seier Navarsete.

Ho trur også det at ho er ei klar distrikts-røyst har gitt ho mange motstandarar.

– Det er mange som i dag ikkje ønskjer ein aktiv distriktspolitikk. Eg vart kanskje symbolet på akkurat den politikken som ein del meiner er bra å kvitte seg med, seier Navarsete.

Ho er no ein meinig på Stortinget og i utanriks- og forsvarskomiteen.

– Livet no er veldig spennande. Det er først i haust eg byrja på Stortinget eigentleg. Eg vart vald inn i 2005, og så sat eg åtte år i regjering, og fjoråret gjekk i grunn vekk, først i politisk strid og så fordi eg var sjukmeld frå januar til juni, seier Navarsete.

Vil jobbe for å syne fram samanhengane

Ho karakteriserer livet som spennande.

– Eg brenn for mattryggleik, klima og å få utjamna skilnadar geografisk og sosialt, og det ligg veldig i utanriks- og forsvarskomiteen, seier Navarsete.

Ho peikar at utanrikspolitikken også har mykje å seie for heimfylket.

– Lokalsamfunna her vert sterkt prega av den politikken vi fører i utanrikspolitikken. Dei samanhengane vil eg jobbe for å få tydelegare fram, seier Navarsete.

Og ho har eit klart politisk nyttårsønskje.

– Det er at regjeringa som vi har vil respektere folkestyret. Eg skulle ønskje regjeringa syner at dei vil lytte til lokalsamfunna, om det gjeld kommunestruktur, struktur på politi og beredskap, og at dei vil vere med på å byggje opp eit fylke som Sogn og Fjordane framover, framfor å byggje det ned, seier Navarsete.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.