NRK Meny
Normal

Trivst betre etter at dei fekk høner i hagen

DALE (NRK): Eitt år etter at eldsjeler skaffa høner til hagen merkar tilsette og eldre ved Fjaler sjukeheim ei auke i trivsel.

Aktivitør Bjørg H. Yndestad og 86 år gamle Nordis Bortheim viser fram ei høne og egga dei fann i dag

AUKA TRIVSEL: Både aktivitør Bjørg H. Yndestad og 86 år gamle Nordis Bortheim set pris på hønene i hagen.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Å, dei er så fine, og me er så glade i dei alle saman her. Me synest det er så kjekt, seier 86 år gamle Nordis Bortheim.

I hagen på Fjaler sjukeheim i Dale er ho og venninna Hjørdis Brynestad i gong med å mate hønene. Dagleg er dei ute for å gje havre og brødsmular til dei fem hønene som har budd her i eitt år.

Eldsjeler inspirerte av andre sjukeheimar


Ideen om å skaffe høner fekk aktivitør Bjørg H. Yndestad og hjelpepleiar Elisabeth Offerdal etter å ha høyrt om andre sjukeheimar som gjorde det same.

– Vi er to eldsjeler som har høner sjølv, og vi såg at det var meir og meir populært å få høner i hagane på sjukeheimar.

Erfaringane dei har gjort seg er svært positive.

– Det er verdt å anbefale, seier Yndestad.

Tre høner står framfor hønehuset i sansehagen.

HØNEHUSET: Tre av hønene framfor hønehuset i sansehagen.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Sjukeheimen har hatt sansehage, ein hage særskild forma ut for å stimulere minner, i fleire år. Dei fem hønene som flytta inn i fjor har vore eit positivt innslag i kvardagen for både tilsette og eldre.

– Ikkje minst så er det veldig sosialt, synest Nordis Bortheim.

Tilsett ved Fjaler sjukeheim, Roger Ellingsen, er einig.

– Det er høgare trivselsfaktor, meiner Ellingsen.

– Når vi slepp hønene ut i hagen får du med ein noko som skjer. Du har underhaldning med ein gong, og det er veldig kjekt.

Forskar på sansehagar

Professor Marianne Thorsen Gonzalez ved Høgskolen i Sørøst-Norge har forska spesifikt på sansehagar ved norske sjukeheimar.

I forskinga si har Gonzalez funne at slike hagar har ein positiv effekt for eldre. Fleire av sjukeheimane ho har studert har hatt dyr som ein del av tilbodet.

– Sjukeheimar har ulike dyr i sansehagar, alt etter kvar dei ligg i landet, og det finst no mange hagar med høner, seier Gonzalez.

Sjølv om ho ikkje kan seie noko konkret om dyr i sansehagar, viser Gonzalez si forsking at eldre som har tilgang til eit terapeutisk uterom søv betre, blir mindre urolege og dei trivst betre.

Den daglege eggjakta gir spenning i kvardagen

Nordis Bortheim holdar fram fem egg.

FANGSTEN I DAG: Nordis Bortheim held fram egga dei fann i dag.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Fleire av dei eldre ved Fjaler sjukeheim hadde høner då dei vaks opp. For Nordis Bortheim bringar hønene fram minner frå barndommen. Det mest spennande er den daglege eggjakta. Egga dei finn brukar dei til vaflar og anna matlaging.

– Eg synest det er så kjekt, altså, du aner ikkje, smiler 86-åringen, med fem egg i hendene.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå