Kommentar: Terje Gilleshammer, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane:
For når dei unge vil noko, eller ikkje vil noko, brukte det å bety noko. Det betydde kraft, engasjement, håp og draumar om eit betre liv, ei betre verd. Det er jo ungdommen som er framtida, kan vi framleis tenke, som ekkoet av eit gamalt slagord vi ikkje lenger trur på.
For i spørsmålet om regionreform er det ingen draumar, det er lite kraft og engasjement. Det er vel ikkje så mange som trur på eit betre liv (eller ei betre verd) verken med regionhovudstad i Bergen eller Ålesund.
Ja, problemet er vel at vi ikkje trur på eit betre liv med ein administrasjon på Leikanger heller. Særleg har vel folket på kysten mista den trua, og Fjord1-saka gjorde det ikkje betre. Og folket i Nordfjord har nok ikkje draumar om eit sterkare Førde, i så fall er vel ikkje det draumar, men meir mareritt.
- Les også:
For slik er livet i resignasjonen på feil side av kjøtvekta. Vi trur ikkje, vi drøymer ikkje lenger, vi berre putlar på med vårt. Vi såg korleis det gjekk med kampen for politidistriktet, alarmsentralen og høgskulen, Sogn og Fjordane vart for lette på kjøtvekta.Vi ser kvar elva renn, korleis makta rår, korleis byane veks og blir mektigare.
«Der rauk nynorsken gitt, ja, ja», trekkjer vi på skuldrene, det er jo trass alt berre ei symbolsak om identitet og kultur. Og i kvardagen vår på kjøtvekta er dessverre identitet og kultur ikkje så viktig lenger.
- Les også:
For snart startar kampen om arbeidsplassane, om dei offentlege tenestene, om ynsket om dei store straumlinjeforma strukturane i vår små assymetriske bygder.
Håpet som ein gong kan bli til draumane som vi så sårt treng, er at vi er steikande gode på å vere utkant. Kven er betre på å putle på med vårt som oss? Vi er vande med å vere utkant i vår eigen kommune, vårt eige fylke, vårt eige vestland, vårt eige land, vårt Europa. Vi har bedrifter og organisasjonar som får til noko trass i rammevilkår, ikkje på grunn av.
Vegane og marknadskreftene blir aldri eit fortrinn her. Men folket og vissa om at vi må klare oss sjølve er fortrinnet vårt. Vi lagar våre eigne festivalar, kjøper inn våre eigne hjartestartarar og lærer å bruke dei, det er til og med grannen som sløkkjer brannen og kanskje i framtida stoggar tjuvpakket på innbrotsraid.
Håpet eller resignasjonen ligg difor i spørsmålet; vil ungdommen kome tilbake frå Bergen til bygdene våre for å kjempe denne evige kampen? For det er ungdommen som er framtida, sjølv midt i resignasjonen på feil side av kjøtvekta.