Eivind Karlsbakk. Arkivfoto
Då dommaren bles av kampen var karrieren til ein av dei mest lovande fotballspelarane fylket har fostra over, og supporterane som jubla var såvisst ikkje hans eigne. Eivind Karlsbakks fotballsorti kunne knapt vore tristare. - Men vi fortener ikkje meir når vi ikkje presterer betre enn det vi gjorde i dag, seier Karlsbakk.
Til Bryne og Nordea-jobb
Han er berre 30 år, men med nedrykket til Mandalskameratene er det nok med aktiv fotball for stryningen. - Det er forskjellige epokar i livet, og no er eg klar for nye ting. No skal eg flytte til Bryne med familien og ta til i jobb i Nordea i Stavanger. Familiesituasjonen og manglande motivasjon for å halde fram med fotball på toppnivå er viktigaste grunnane til at eg legg opp, seier Karlsbakk.
- Brann var høgdepunktet
Karrierekurva til Eivind Karlsbakk har peika nedover sidan han forlet Brann midt på 90-talet, men fotballen har gitt han mykje godt å sjå tilbake på. - Høgdepunktet er perioden i Brann og opprykka med Sogndal og Bryne. Det har vore eit kjekt liv som har gitt meg mange gode vener, seier stryningen.
- Fint å avslutte i heimfylket
Og at avslutninga kom på Fosshaugane hadde han ingenting imot. - Det var positivt å få avslutte i heimfylket, seier Eivind Karlsbakk.