Hopp til innhold

Trist for naboane å vere vitne til nok ein tragedie

GUDVANGEN (NRK): Naboar på Skjerping i Gudvangen er prega av basehopp-ulukka der ein person døydde. Men dei tek ikkje til motmæle mot basehopping.

Naboar blei vitne til dødsulukke

AUGNEVITNE: Jan Refsnes og Grete Ikdahl Refsnes frå Sandnes vart augnevitne til ulukka medan dei var på hytteferie på Skjerping. Sjølv om dei synest ulukka er svært tragisk, tykkjer ikkje Jan Refsnes at ein bør forby basehopparar å hoppe i Gudvangen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg såg at det kom ein basehoppar utan fallskjerm i ei forferdeleg fart, og høyrde ein smell og såg at han datt ned lenger nede, seier Grete Ikdahl Refsnes.

Ho forstod med det same at det hadde gått gale og ropa på mannen sin, Jan Refsnes, og bad han springe ned til ulykkesstaden.

No vil ordførar i Aurland ha forbod mot basehopp
  

– Naboen min sprang ned med meg. Vi møtte andre naboar som alt hadde ringt 113. So gjekk vi rundt og leita blant husa der nede, og då ropa naboen at her ligg han. Då skjøna vi at han alt var omkomen, seier Jan Refsnes.

Vil ikkje ha forbod

Refsnes synest synd på den omkomne som opplevde å falle hardt ned, og på dei som var saman med han og hoppe, og alle naboane som var vitne til dette.

– Likevel meiner eg nok at vi ikkje bør kunne nekte nokon som helst å gjere dette. Men det er ein veldig trist situasjon, seier Refsnes.

Det er andre gongen det hender ei slik dødsulukke ved Skjerping.

– Fryktar de at slikt hender? Ser de etter hopparar på berghyllene?

– Ikkje hittil. Men når du ser slikt som dette, so byrjar ein jo å tenkje på kva som kan skje. Ulukka skjedde so fort, seier Grete Refsnes.

Etterlyser tiltak for å gjere basehoppinga sikrare

– Det har hendt ulukker før, og det er ikkje fint når det skjer. Mange av oss er jo tilhengjarar av hoppinga, men det er forferdeleg når ulukkene skjer, og veldig ekkelt når dei skjer so nært innpå eigedomen. Vi er litt i sjokk, seier Martine Hartveit, som bur like i nærleiken av der det fatale hoppet skjedde.

Martine Hartveit og hunden hennar

BUR LIKE I NÆRLEIKEN: Martine Hartveit synest basehopparar i Gudvangen bør sjå på kva for tiltak dei kan treffe for å gjere basehoppinga endå tryggare.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Seinast for fire sumrar sidan var det ein annan ung basehoppar som også omkom etter eit fall på Skjerping i Gudvangen.

– Bør basehoppinga halde fram, eller bør det vere restriksjonar på det, synest du?

– Eg synest kanskje at resten av hoppinga no burde vore avlyst i respekt for han som omkom. Og kanskje må dei treffe nokre tiltak og sjå kva som må gjerast for å gjere basehoppinga endå sikrare, seier Hartveit.

Den omkomne hopparen er frå USA. Basehopparane som hoppa i Gudvangen i går hadde teke turen frå Voss, der dei har delteke i Ekstremsportveko, som held på denne veka. Veko hadde arrangement i Gudvangen i Speed Flying på tysdag, men gårsdagens basehopping var på basehopparane sitt eige initiativ.