Hopp til innhold

Trippelt norsk i junior-VM

Jon Rolf Skamo Hope (19) frå Hyen tok sølv under dagens 20 kilometer med skibyte i junior-VM i sveitsiske Goms. Lagkamerat Harald Østberg Amundsen tok gullet.

Jon Rolf Skamo Hope under junior-VM i sveitsiske Goms, sølv på duatlon

TUNGT: Jon Rolf Skamo Hope fekk det tungt på slutten av dagens renn.

Foto: JWSC

– I dag føler eg at eg vann sølv. Eg hadde det utruleg tungt, så det handla om å berge sølvet og kome seg til mål, seier Skamo Hope etter rennet.

Skamo Hope låg godt plassert i fronten av feltet under dei 10 første kilometerane i klassisk ved halvgått løp var han nummer tre i ei tetgruppe på åtte mann.

Ut på skøytedelen var det ein trio med Jon Rolf Skamo Hope, Harald Østberg Amundsen og franske Hugo Lapalus i tet. Og etter den første runden i skøyting var det Skamo Hope og Amundsen som styrte farten, medan franskmannen fekk det tungt i motbakkane.

Men med seks kilometer igjen til mål tok kreftene slutt for 19-åringen frå Hyen og han klarte ikkje å henga på lagkameraten, som vann med 34,7 sekund.

– På nest siste runden klarte eg å mobilisere til å køyre eit magadrag, men han svarte med ein gong eg prøvde å kome opp. Med ei runde igjen så skjønte eg at no handlar det om å kome fortast mogleg til må utan at dei andre tek meg igjen, seier Skamo Hope.

Jørgen Lippert vart nummer tre og sikra trippelt norsk på distansen.

To medaljar

– Det var jo noko eg nesten ikkje torde håpe på før sesongen, men no står eg her med to medaljar. Det er ein utruleg herleg følelse, seier Skamo Hope.

– Det var jo eit kraftig snøvêr undervegs, korleis påverka det rennet?

– Det vart utruleg tungt, eg trur aldri at eg har gått ein så sakte sjukilometer tidsmessig. I tillegg så er det i mellomhøgda, så då gjer det vondt på slutten, seier Skamo Hope.

– Over all forventning

På 10 kilometer i klassisk på tysdag vart han verdsmeister, ni sekund framfor russiske Sergej Ardasjev. Det har ingen andre frå Sogn og Fjordane klart før han.

Med seg på tribunen og som støttespelarar har han foreldra, Terje Skamo og Oda Karin Hope.

– Vi hadde håpa på medalje, men dette er over all forventning. To medaljar, eitt av dei gull og så er det framleis stafett igjen. Dette er heilt topp, seier pappa Terje Skamo til NRK etter dagens renn.

Laurdag vert meisterskapen avslutta med stafett og basert på plasseringane til dei norske løparane til no er dei gullfavorittar. I fjor vart Skamo Hope verdsmeister på nettopp stafett då junior-VM vart arrangert i Salt Lake City i USA.

Jon Rolf Skamo Hope - junior-verdsmeister, 10 kilometer klassisk, Goms i Sveits

JUBEL: Tysdag tok Jon Rolf Skamo Hope steget opp øvst på pallen under 10 kilometer klassisk, og sikra seg med det sitt første individuelle VM-gull.

Foto: JWSC