NRK Meny
Normal

Trippeldraptiltalt hoppa utfor tak - ligg på sjukehus

Mannen i 30-åra som er tiltalt for trippeldrapet i Årdal er innlagt på sjukehus. Leif Waage i Kriminalomsorgen Vest seier mannen hoppa utfor eit tak.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal. Mannen som er tiltalt for drapa hoppa ifølgje Leif Waage i Kriminalomsorgen vest utfor eit tak ved Bergen fengsel førre onsdag.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Det skjedde onsdag føremiddag i Bergen fengsel. Det var i samband med ei behandlingssamtale, seier Waage.

Ei 19 år gamal jente og to menn i 50-åra vart 4. november 2013 drepen med kniv om bord på Valdresekspressen. Ein asylsøkar frå Sør-Sudan, som skulle verte sendt ut av landet dagen etter, er tiltalt for drapa.

Asylsøkaren var etter drapa innlagt på psykiatrisk klinikk ved Sandviken sjukehus i Bergen. Politiet har ønska å avhøyre mannen, men det har ikkje late seg gjere.

To psykologar og tre betjentar var saman med den tiltalte under hendinga førre onsdag. Dei sat ute og gjennomførte behandlingssamtalen.

– Etter ei tid klatrar den tiltalte opp på taket av fengselet og hoppar. Han var litt i kontakt med dei som stod nede og prøvde og overtale han til å kome ned på ein trygg måte. Men etter kort tid hoppa han, seier Waage.

Innlagt på sjukehus

Waage er ikkje sikker på kor høgt det er ned, men anslår 3–4 meter.

– Men det er høgt nok til at du kan gjere stor skade på deg sjølv.

– Forsøkte han å ta sitt eige liv?

– Det er vanskeleg å seie. Det vi ser i situasjonen er at dette skjer veldig plutseleg, seier Waage.

– Kor alvorlege er skadane?

– Det veit vi faktisk ikkje noko om. Han har vore innlagd sidan onsdag, og vi har ikkje høyrt noko om tilstanden hans. Det er politiet som har den kontakten opp mot sjukehuset, seier Waage.

Operasjonssentralen ved Hordaland politidistrikt kan ikkje seie noko om saka eller tilstanden no.

Forsvararen ikkje kjend med detaljane

Forsvararen til den tiltalte, Fredrik Verling, stadfestar at mannen var i ei fallulukke, men vil ikkje kommentere opplysningane om at han har hoppa.

– Dei objektive fakta som eg er kjend med er at det har vore ei fallulukke og at han er skadd og at han ligg på sjukehus. Noko meir kan ikkje eg få ut av dette før eg har snakka med klienten om det, og fått vite litt meir om hendingsforlaupet, seier Verling.