Hopp til innhold

Den trippeldrapssikta er flytta til Trondheim

Den 30 år gamle mannen frå Sør-Sudan som er sikta for å ha teke livet av tre personar på Valdresekspressen 4. november, vart måndag flytta til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Politiet arbeider med sporsikring rundt busssen.

BETRE TILHØVE: Målet med flyttinga er å gi dei rettskunnige betre tilhøve å jobbe under.

Foto: Øyvind Bye Skille

– Måndag vart den sikta transportert til Trondheim. Der skal han under tvungen rettspsykiatrisk observasjon, og det skal skje i ein periode inntil 12 veker, seier regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Det er Sogn tingrett som har komme med kjennelse i saka.

– Dette er gjort primært for å betre arbeidstilhøva for dei rettsoppnemnde sakkunnige som skal vurdere helsetilstanden til den sikta, seier Løseth.

4. november i fjor blir to menn i 50-åra og ei 19 år gammal jente drepne med kniv om bord på Valdresekspressen.

Ein 30 år gammal asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta for drapa. Han har i ettertid nekta å late seg avhøyre, og vil ikkje vedkjenne seg det som har skjedd. Mannen hadde fått avslag på søknaden om opphald i Norge og skulle sendast ut av landet.

Har ikkje hatt optimale forhold

Løseth vil ikkje seie noko om kva arbeidstilhøve dei sakkunnige dei har hatt så langt i saka.

– Eg korkje vil eller kan gå i detaljar om det. Det får dei seie noko om. Men i og med at vi har gjort det grepet som vi har gjort no, så ligg det i korta at dei ikkje har vore optimale, seier Løseth.

Åge Løseth

BETYR LITE: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, understrekar at for avhøyra sin del er det det same om den sikta sit i Trondheim eller nokon annan plass. Til no har ikkje den trippeldrapssikta latt seg avhøyre av politiet.

Foto: Alf Vidar Snæland

Sjølv om den trippeldrapssikta vert flytta til Trondheim, har det lite å seie for politiet sine moglegheiter til å avhøyre den sikta. Til no har han nekta å forklare seg for politiet.

– Det endrar seg lite. Om vi tek avhøyr av sikta i Trondheim eller ein annan stad i Norge, så betyr det veldig lite for oss. Vi følgjer berre opp der, og i den grad det vert mogleg å få gjennomført eit avhøyr der, så gjer vi det, seier Løseth.

Kan ikkje seie noko om helsetilstanden

Det er førebels ikkje komme noko ny informasjon om helsetilstanden til den sikta mannen frå Sør-Sudan.

– Den kan ikkje eg seie noko om, seier Løseth.

Han kjenner heller ikkje til kva type behandling den sikta vil få når han vert lagt inn til tvungen observasjon.

– Det veit eg ikkje, og det kan eg heller ikkje gå inn på. Dette ligg hjå helsevesenet, seier Løseth.

Vart flytta ved hjelp av Forsvaret

Den trippeldrapssikta vart flytta til Trondheim ved hjelp av eitt av Forsvarets Hercules-fly.

– Vi måtte finne ein måte å reise på , og då Forsvaret sa seg villige til å hjelpe oss, valde vi den løysinga. Vakthaldet var godt teke vare på, seier Løseth til Bergens Tidende.

Sør-sudanaren har site i ordinær varetekt sidan midten av desember, etter at han vart utskriven frå Sandviken psykiatriske klinikk i Bergen.