Hopp til innhold

Trio skal sende Norge til EM

Ørjan Hopen, Gustav Valsvik og Eivind Daniel Røed er alle uttekne til EM-kvalifiseringskampane for G19-landslaget.

Ørjan Hopen, Gustav Valvik og Eivind Daniel Røed

LANDSLAGET: Trioen Ørjan Hopen, Gustav Valsvik og Eivind Daniel Røed er uttekne på G19-landslaget.

Foto: Montasje

For dei tre sogndalspelarane betyr det eit gjensyn med stadion der Sogndal har slitt stort i det siste.

To av kampane, mot Moldova og Wales, skal gå på Sarpsborg stadion - heimebana til Sarpsborg 08.

- Det har eg faktisk ikkje tenkt på, men eg trur ikkje vi skal tenkje så mykje på det. Eg trur ikkje det vil føre til noko særleg bra, ler kapteinen på G19-landslaget, Eivind Daniel Røed.

Dårleg statistikk

Sist Sogndal tok full pott mot «Særp» var i 2006. Etter tre uavgjortoppgjer i Østfold, enda det 4-0 i favør av østfoldingane i helga.

I tillegg har Sogndal tapt dei tre siste heimekampane for Sarpsborg 08.

- Vi får berre bevise at det ikkje er vi tre som er årsaka til at det har blitt lite poeng der, seier Røed.

Trur på EM-sluttspel

I tillegg til Moldova og Wales, skal Norge møte Serbia på Melløs stadion. Kampane går i månadsskiftet april/mai. Gruppevinnaren går direkte til EM-sluttspelet i Romania 20. juli til 1. august.

G19-kapteinen trur Norge har gode sjansar til å kvalifisere seg til EM.

- For det første fekk vi ei ganske grei gruppe. Med den trekninga her, slepp vi større lag som England, Spania, Portugal og Frankrike. Vi var heldige med trekninga, og har kvalifiseringa på heimebane. Det meste ligg til rette for oss, seier han.

Slite med effektiviteten

Trenar Bård Flovik var misnøgd med utteljinga i 1-1 kampen mot Polen sist. Røed håpar seriestarten i eliteserien peikar på betre tider. Medan Sogndal har slite i sesongstarten, er det andre G19-spelarar som har stått fram.

- Vi har slite litt med å score i det siste, og det er det fotball alltid handlar om. Men Mushaga Bakenga har scora for Rosenborg i to av tre kampar og både Håvard Nielsen og Thomas Drage. Alt i Tippeligaen. Eg trur ikkje det blir noko problem, seier Røed.