Hopp til innhold

Trillingforeldre får lite hjelp

Trillingforeldre får knapt hjelp etter fødselen. Det fyrste året er so belastande at hjelp, og avlasting er heilt naudsynt, seier helsepersonell.

Tenk deg å få beskjeden om at du ventar ikke ett, ikke to, men tre barn. For eit ungt par i Førde har dette snudd opp ned på livet. Nå gleder de seg til fødselen, men bekymrer seg også for hvordan de skal klare å ta seg av tre babyer uten hjelp.

GONG MED TRE: Det er ikkje lett å sjå, men på dette ultralydbiletet skjuler det seg tre gutar.

– Vi fekk jo sjokk! Dette er jo berre nok du høyrer om, men som du ikkje trur skal hende deg sjølv.

Det seier Therese Marie Borgen Solsvik. Ho og mannen Kenneth Solsvik får snart dobla talet på familiemedlemmer, frå tre til seks, når dei får tre gutar på ein gong til sommaren.

Familien Solsvik

STOR FAMILIEAUKE: Kenneth Solsvik og Therese Marie Borgen Solsvik blir snart foreldre til tre gutar. Frida trur det blir kjekt å få tre veslebrør.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

For den vesle familien frå Førde har kvardagen dei siste vekene blitt snudd på hovudet.

– Vi er jo nett ferdig med å bygge einebustad, difor tenkte vi det passa godt med ein veslebror eller veslesyster til Frida. No ser det ut til at vi må finne ein ny stad å bu fordi huset blir for lite, og det er ikkje plass til å bygge ut på tomta. So må vi ha ny bil, vi treng jo nærmast ein minibuss for å få plass til alle.

Kenneth Solsvik byrjar å få kontroll på kva for utfordringar som ventar familien i tida framover, men for dei og andre i same situasjon må det også løysingar på plass ut over det reint materielle.

– Vi er jo berre to foreldre, med to par hender. Vi har jo skjønt at det blir veldig mykje med tre små som skal matast kvar tredje time, skiftast på og sove. So må jo andre ting gjerast opp i det heile, som til dømes husstell. Og vi vil jo gjerne følge opp Frida so godt som mogleg, seier Therese Marie Bogen Solsvik.

– Vi ser jo at dette ikkje går utan hjelp.

Men ut over litt ekstra permisjon har ikkje trillingforeldre krav på noko ekstra hjelp. Det blir difor opp til foreldra sjølve å skaffe seg den hjelpa dei trenger.

Hilde Lauritsen og Roger Lundekvam fekk føle dette på kroppen då dei vart foreldre til trillingar i 2006.

Hilde Lauritsen

TUNGVINT: For Hilde Lauritsen var det ei ekstra belastning å måtte kjempe for heilt naudsynt hjelp.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Medan vi førebudde oss som best vi kunne fram mot fødselen, måtte vi bruke tid og krefter på å søke etter heilt naudsynt hjelp og støtte, seier Hilde Lauritsen.

Løysinga for dei vart ei ordning om særskild tyngande omsorgsarbeid i heimkommunen som primært er retta opp mot personar som yter omsorg for eldre eller pleietrengande. Slike ordningar varierer sterkt frå kommune til kommune. Hilde Lauritsen og Roger Lundekvam var heldige som budde i ein kommune som stilte opp. Dermed fekk dei, med god hjelp frå familie og ein arbeidsgjevar som tillèt Roger å ta ut ferien sin ein dag i veka, kabalen til å gå opp det første året.

Vi ser jo at dette ikkje går utan hjelp

Therese Marie Borgen Solsvik

Som fagleiar på Helsestasjonen i Førde kommune har Lillian Vassbotten følgt opp mange foreldre. Ho meiner trillingforeldre er heilt avhengige av ekstra oppfølging og hjelp.

Lillian Vassbotn

TRENG HJELP: Fagleiar på Helsestasjonen i Førde, Lillian Vassbotn, seier at trillingforeldre trenger mykje hjelp den fyrste tida.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Sidan behovet er so tydeleg burde det vere ei nasjonal ordning på plass for dette. Det at kva for hjelpetiltak ein får skal vere opp til kvar foreldra bur og kor ressurssterke dei er, er svært uheldig. Då blir det gjerne slik at dei som trenger det mest får minst.

Ei slik ordning ser førebels ut til å vere langt unna. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at det føreligg ikkje planar om utviding av permisjonen no. Eventuelle avlastingsordningar er eit kommunalt ansvar.

Medan vi førebudde oss som best vi kunne fram mot fødselen, måtte vi bruke tid og krefter på å søke etter heilt naudsynt hjelp og støtte

Hilde Lauritsen

Kenneth Solsvik og Therese Marie Borgen Solsvik må difor sette si lit til at søknadane deira til Førde kommune om hjelp i det komande året blir godkjend.

Det må den nesten berre, elles so veit eg ikkje korleis dette blir, seier Therese.