NRK Meny
Normal

Trilla inn rullestolar og senger for konsert

FØRDE (NRK): Då Eva & the Heartmaker heldt konsert på Førde sentralsjukehus, skulle pasientane få eit avbrekk frå kvardagen på sjukehuset.

Eva Weel Skram

I STOL, SENG OG RULLESTOL: Eva & the heartmaker holdt konsert for pasientane på Førde sentralsjukehus. Publikum kom til konserten i sjukesenger og i rullestol.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Eg såg på publikum at alle tok seg fri frå bekymringane, og var i ei eiga verd i lag med meg, seier Eva Weel Skram.

På torsdag fekk pasientane ved sentralsjukehuset i Førde ei musikalsk oppleving av Eva Weel Skram og ektemannen Thomas Stenersen.

Til konserten rulla det inn både sjukesenger og rullestolar for å få med seg den spesielle konserten.

– Ein veit jo ikkje historia til publikum her, men det var ei veldig fin og spesiell oppleving med god stemning, seier Weel Skram.

For pasientane som ikkje kom seg på konserten, kunne ein truleg høyre publikum synge med på songen E-ore gjennom alle åtte etasjar på Førde sentralsjukehus.

Eit avbrekk i sjukehuskvardagen

Irene Hagen Lunde var ein av dei som fekk eit avbrekk frå kvardagen, då Helse Førde inviterte alle pasientar til intimkonsert med den populære duoen.

– Dette er heilt supert. Eg går til behandling her på sjukehuset og får samtidig nyte ei flott oppleving, seier Irene Hagen Lunde.

To gode vener

SAMAN PÅ KONSERT: Irene Hagen Lunde hadde med seg venninne Hilde Ramsdal Haugsbø på konserten på sentralsjukehuset.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Eva & the Heartmaker var leigd inn for å underhalde på sommarfesten for tilsette i Helse Førde på torsdag kveld. Då var det like naturleg at pasientane skulle få nyte musikken til den suksessrike popgruppa på føremiddagen, noko Hagen Lunde var godt nøgd med.

– Det er kjekt at pasientane blir satsa på ved at Helse Førde vil gje oss gode augeblikk.

Rørte ved publikum

Eva Weel Skram

TÅKA KUNNE UTSETTE KONSERTEN: Eva Weel Skram og ektemannen Thomas Stenersen var glad for at tåka forsvann og for at flyet frå Oslo kunne lette.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Det var første gongen Eva Weel Skram og ektemannen heldt konsert på eit sjukehus. Blant publikum var det fleire som felte ei tåre.

– Eg syns alltid det er fint om eg får eit par tårer blant publikum under konsertane mine. Musikk for meg er å røre ved noko. Det gir meg mykje inspirasjon til det eg gjer, seier Weel Skram.

For Eva & the Heartmaker var det ei fin oppleving å komme tett på publikum med konserten på sentralsjukehuset. Det såg lenge skummelt ut for konserten, då tåke gjorde det vanskeleg for popduoen som skulle komme med fly frå Oslo.

– Det var ikkje vanskeleg å stå opp med ein baby, men skodda gjorde at flyet vårt frå Oslo var innstilt. Heldigvis letta skodda etter nokre timar, seier Weel Skram.

Kort tid før konsertstart var den populære duoen på plass. Då kunne publikum ta turen inn i Weel Skram si musikalske verd og vere ein heilt anna stad enn på sjukehuset.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.