NRK Meny
Normal

Tribuneslitaren June kan få bronse

June Andenæs frå Gloppen har ikkje spelt ein handballkamp sidan 2. november 2016. Likevel kan det vanke ein bronsemedalje på ho når sesongen snart er slutt.

June Andenæs

EITT AV 17 MÅL: June Andenæs fekk seks kampar og sette inn 17 mål for Glassverket før skaden sette ho ut av spel.

Foto: Børre Eirik Helgerud / Glassverket Håndball

Onsdag kveld såg ho lagvenninnene i Glassverket vinne 30–24 over Byåsen. Det gjer at laget frå Drammen no har 29 poeng på tredjeplass og ei luke på to poeng ned til Byåsen på fjerdeplass når ein seriekamp står att.

Korsbandet til June Andenæs rauk i seriekampen mot Halden 2. november. No håpar ho at ho kan vere klar igjen til serien startar til hausten.

– No har det gått tre og ein halv månad sidan operasjonen, eg er komen så langt i opptreninga at eg kan hoppe og springe litt, kneet toler ti minutt med roleg jogg.

At skaden som øydela sesongen kom i ein kamp som i ettertid ikkje vart teljande, er eit lite kuriosum. Motstandaren i den kampen, Halden, måtte trekkje laget frå serien i vinter etter å ha gått konkurs.

– Håpar eg har nok kampar

Heilt sikre er ikkje bronsemedaljane til Glassverket, som skal ha bortekamp mot Oppsal og årdølen Rebecca Brun Steinheim i siste serierunden. Byåsen skal ha heimekamp mot serievinnar Larvik.

Larvik tapte onsdag med to mål mot Kristiansand Vipers, det einaste tapet i årets serie og det første serietapet på 16 år. Difor trur June Andenæs at det skal bli tøft for Byåsen å ta poeng frå serievinnaren.

– Eg trur Larvik-spelarane vil gjere alt for å revansjere det tapet.

I så fall kan Glassverket, inkludert June Andenæs, ta imot bronsemedaljar komande søndag.

– Eg håpar iallfall at eg har nok kampar til å få medalje.

Ho står bokført med seks kampar og 17 mål. Spelarkontakt Erik Øie (frå Hornindal) i Glassverket Håndball stadfestar at seks kampar held til medalje.

Litt usikker på om ho når seriestarten

Glassverket kan avgjere det heile på eiga hand, ved å sikre seg minst eitt poeng mot Oppsal, som onsdag tapte mot nedrykksklare Rælingen.

Men dersom dei skulle tape, samstundes som Byåsen vinn, er det Byåsen som sikrar seg bronsemedaljane, fordi Byåsen har scora eitt mål meir enn Glassveerket i dei innbyrdes oppgjera.

Sjølv om June Andenæs håpar at ho skal vere klar til kamp igjen til seriestart, er ho så realistisk at ho fryktar at det ikkje går.

– Det er fysioterapeutane som har mest greie på korsbandskadar, og dei meiner eg ikkje bør ta for gitt at det går.

Ho reknar med at ho blir verande i Glassverket, om ikkje noko uføresett skulle skje.

– Det er litt uvisse kring økonomien i klubben, men eg er innstilt på å bli her. Eg trivst godt i Drammen, og inntil vidare har eg heiltidsarbeid med å trene meg opp att.

Vegopning på Bergum i Førde kommune