Bedrift sender dei tilsette med båt etter vegstenging

Skipsverftet Brødrene Aa i Hyen set torsdag og fredag opp ekstrabåt for å få arbeidarane på jobb.

Tor Øyvin Aa

SET OPP BÅT: Tor Øyvin Aa er dagleg leiar ved Skipsverftet Brødrene Aa.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Årsaka er at arbeidet med å rydde fylkesveg 615 mellom Hyen og Sandane tek lenger tid enn planlagt, og vegen vert no stengd fram til fredag. Då vert det gjort ei ny vurdering av situasjonen klokka 12.

– Det er klart dette er ei utordring, seier Tor Øyvin Aa som er dagleg leiar ved Skipsverftet Brødrene Aa.

Dagleg har han 60 tilsette som pendlar forbi staden som no er stengd på grunn av trenedfall.

– Vi vil no organisere båttransport frå Devik forbi det stengde området og inn til Hestenesøyra. Der hentar vi dei drosje, seier Aa.

Opprydding etter trevelt i Devik

STENGT: Fylkesveg 615 mellom Hyen og Sandane blir stengd til fredag. – Vi har rydda oss fram tre for tre, så det er ope fram til Devik. Framleis ligg det att mykje ved tunnelen mellom Devik og Hestnesøyra, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Kraftig vind skapte problem

Den kraftige vinden tysdag gjorde at fleire tre la seg over vegbana og høgspentlinja ved Devik .

Statens vegvesen opplyser at dei fredag klokka 12 vil gjere ei ny vurdering av situasjonen i Gloppen i Nordfjord.

– Det er enormt med grantre, så dette vil ta ganske lang tid å få opna vegen att, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Den stengde vegen gir mange pendlarar ekstra lang veg på jobb. Vanlegvis tek det kring ein halvtime å køyre mellom Sandane og Hyen via fylkesveg 615. Same strekning, via E39 og Førde, tek no to og ein halv time. Kvar veg.

Prosjektleiar Karlsen forsikrar at folk både entreprenørar og folk frå kraftlaget jobbar på spreng for å få opna vegen. Men at det tek tid.

– Trefall kan vere farleg å jobbe med. Ein må vurdere HMS, og sette det i høgsetet. Erfaringsmessig har det vore ein del uhell etter skognedfall, så det er skummelt å «gyve laus», seier han.

– Vi må ta tre for tre og vurdere korleis vi skal løyse kvart tre. Vi har gravemaskiner og alt på plass som skal sikre at det ikkje skjer noko skade, legg han til.

Laster kart, vennligst vent...

OMKØYRING. Med stengd fylkesveg blir det lang omkøyringsveg for dei som må mellom Hyen og Sandane.