Trer til side etter valnederlag

Kjetil Kvåle trer til side og vil ikkje fronte Arbeidarpartiet i nye Sogndal. Det skriv han sjølv på Facebook. Partiet gjorde eit katastrofeval og enda på 16,1 prosent. Kvåle vart passert på lista av sin andrekandidat som fekk fleire personstemmer enn han. Henny Kristin Asperanden Navarsete blir formannskapsmedlem for Ap dei neste fire åra. – Eg tek inn over meg kva veljarane har sagt, skriv Kvåle.

Henny-Kristin Navarsete
Foto: Aleksander Åsnes / NRK