Hopp til innhold

Fersk treverksemd i Gaupne fekk nyoppretta trepris

Den ferske verksemda Massiv Lust i Gaupne er tildelt den nordiske treprisen. Prisen vart delt ut i Trondheim under Forum Holzbau Nordic.

Jørgen Tycho Massiv Lust med pris
Foto: Knut Werner Lindeberg Alsén

Prisen vart oppretta i år og blir delt ut av foreninga Nordiske Trebyer, eit samarbeid mellom nordiske byar for å fremje bygging av trehus i byar.

Det var arkitekt og gründer Jørgen Tycho som tok imot prisen på vegner av Massiv Lust.

– For oss er dette ei stor ære, og vi er svært takknemlege for prisen, sa han i sin takketale.

Massiv Lust vart starta i 2011 og produserer krysslimte element i massivtre. I fjor flytta firmaet inn i ein ny produksjonshall på Granden i Gaupne. Firmaet har eige arkitektkontor i Oslo med tre tilsette.

Produksjon hjå Massiv Lust

NY PRODUKSJONSHALL: Massiv Lust tok i bruk nye lokale i Gaupne i 2013.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Tycho seier at dei i Massiv Lust ser tendensar til endringar i arkitekturen som gjer at tre i stadig større grad blir ein nøkkelkomponent.

– Tre er også ein stabilisator og aktiv medhjelpar til betre inneklima og energiproduksjon.

– Gledeleg og fortent

Næringssjef Olav Grov i Luster er glad for at ei verksemd frå kommunen får ein slik pris.

– Dette er svært gledeleg og fortent. Massiv Lust er ei verksemd med eit godt produkt og folk som verkeleg står på for å lukkast. Ei flott bedrift for Luster kommune.

Pris til Masiv Lust

ETTER PRISUTDELINGA: Frå venstre: Prosjektleiar Hans Andrén i foreningen Nordiske byer, prisvinnar Jørgen Tycho i Massiv Lust, Johanna Kairi, Holzindustrie Schweighofer GmbH og styreleiar Vesa Juntilla i foreningen Nordiske byer.

Foto: Knut Werner Lindeberg Alsén

Den nordiske treprisen går til kandidatar under 40 år eller institusjonar som kan vise til gode prestasjonar innan arkitektur, ingeniørkunst eller innovasjon med bruk av tre.

Massiv Lust får prisen fordi dei er unge entreprenørar som har satsa på massivtre og produkt som aukar bruken av tre i bygningar i Norden, går det fram av ei pressemelding.