NRK Meny
Normal

Anne (10 mnd) er Ann Kristin sitt aller største gull

Ann Kristin Aafedt Flatland (30) var raskt på med joggeskoa etter å ha født vesle Anne i april i fjor. Men ho fann fort ut at det er ein grunn til at ein reknar barseltid på seks veker.

Ann Kristin Aafedt Flatland

MAMMAS GULL: Vesle Anne på snart eitt år saman med mamma Ann Kristin Aafedt Flatland.

Foto: Nina Ruud

– Anne vart fødd 23. april, og det tok litt tid før eg kom såpass til hektene at eg kunne byrje å trene att. Men eg byrja så smått å jogge litt med barnevogna etter nokre veker, seier Flatland til bladet Mamma.no.

Men også topptrente førstegongsfødande kan trengje litt ro etter fødsel.

– Eg skjønte at den seksverkersregelen om barselstid hadde noko for seg. Eg var vel ikkje heilt klar for noko store greier etter to veker, nei, ler Flatland.

Likevel må det kunne seiast at den talentfulle skiskyttaren frå Vik i Sogn var raskt tilbake i skikkeleg trening. Då veslejenta var fire månader, bestemde Flatland seg for å prøve å trene normalt att.

Gjorde comeback ni månader etter fødsel

– Som oftast blir det ein langtur på 2-2,5 timar, eller ei hardøkt i motbakke eller i rulleskibane med skyting. Som regel vert det to økter om dagen frå mai til november, om vinteren er det meir konkurranse og mindre trening, seier Flatland til bladet.

Flatland gjorde comeback i verdscupsirkuset i skiskyting i januar, knappe ni månader etter at ho vart mor for første gong.

Sjølv trudde ho at mammarolla kom til å slå positivt ut på karrieren som skiskytar, noko også tidlegare skiskytardronning Liv Grete Skjelbreid Poirée erfarte.

Og det har synt seg å stemme.

Fallet som var så surt

Under VM hadde Flatland bokstavleg talt medaljen rundt halsen under kvinnenes jaktstart då ho kom på innerski og kolliderte med Olga Zaitseva.

Med tårene trillande måtte vikja-jenta minuttar etter målgang konstatere at eit kongeløp på favorittdistansen slett ikkje enda med medalje.

Desto betre smakte det då kvinnene suste inn til stafettgull eit par dagar seinare i VM.

– Det kjendest utruleg bra, seier Flatland til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Glade jenter

GLADE JENTER: Ann Kristin Aafedt Flatland, Hilde Fenne, Synnøve Solemdal og Tora Berger jublar for stafettgullet i VM.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

Nokre treningsdagar er tunge

Men til Mamma.no røper ho at det ikkje er alle treningsdagar som er like kjekke.

– Då Anne var om lag to månader gammal, hadde eg ei økt der eg sleit meg oppover ein motbakke på rulleskøyter. Då tenkte eg berre "dette gidd eg ikkje". Men so kjem jo motivasjonen tilbake, heldigvis, seier Flatland.

At mammarolla har gjort ho endå meir effektiv i treningssituasjonen, er ho viss på.

– Det er betre kvalitet på treninga no, og eg set meir pris på å gå ut og vere på jobb no enn eg gjorde tidlegare, seier Flatland, som siktar til treninga som jobb.

– Eg gjorde ikkje det før, men det kjennest meir som ein jobb no, enn før. Det er dette eg driv med, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Ann Kristin Flatland fallt og ødela sjansene for medalje under søndagens jaktstart i VM. Her slipper hun følelsene løs. Foto: Anders Rove Bentsen

En skuffet Flatland

Er meir fokusert no

Ho trur det å bli mamma har gjort henne betre til å fokusere.

– Eg slappar meir av med å vere skiskytar no enn før, både fordi eg har andre ting å tenkje på enn meg sjølv, og fordi eg har andre å ta meg av, seier Flatland.

Ho har sagt tydeleg at ho kjem til å leggje opp etter OL i Sochi 2014.

– Eg ønskjer framleis å nå dei måla eg har sett meg, og eg likar å ha noko å strekkje meg mot. Eg vil oppnå det eg har bestemt meg for, seier Flatland.

Men når OL i 2014 er over, er det studiar og Anne som tel.

– Då er Anne blitt større, og eg ønskjer å ha tid til å følgje opp. Eg har også lyst til å gjere andre ting seinare, seier Flatland til Mamma.no.

Vegopning på Bergum i Førde kommune