Hopp til innhold

Byggjer treningssenter til 13,5 millionar kroner i handelshus

Treningssenteret Puls satsar for fullt på treningshungrige kundar. 13,5 millionar kroner skal dei bruke på å bygge nytt treningssenter i Handelshuset i Førde.

Puls byggjer nytt treningssenter i Førde

FARGERIKT: Det nye treningssenteret til Puls er designa av Xform i Førde.

Foto: Xform AS

– Vi har vakse ut av dei lokala vi var i. Når vi først skal satse så vil vi gjere det skikkeleg, men vi trudde vel ikkje det skulle bli så kostbart, seier Håvard Røneid, som er fysioterapeut på Puls Førde.

Planlegginga av det nye treningssenteret starta for to år sidan, og dei har jobba tett med arkitektar, akustikar og designbyrå for å kome heilt i mål. Treningssenteret har også fått merke at det kostar å ha ambisjonar om eit tipptopp treningsanlegg. På knapt eit år har kostnadane stige frå 8 millionar til 13,5.

Her kjem Puls sitt nye treningssenter

NYTT: Det nye treningssenteret blir liggande inne på Handelshuset.

Foto: Xform AS

– Ventilasjonen kostar fleire millionar kroner, det same gjer glasvindauge over store deler av flatene. Så har vi sørga for lydisolering med ekstra isolasjon i golv og veggar. Så det balla på seg rett og slett, seier Røneid.

I november i fjor hadde dei 1200 medlemmar, og 100 fleire besøkande enn året før. No er planen å åpne opp i dei nye lokala i oktober i år.

Treningsvillige finansierer bygginga

Senteret etablerer seg i Handelshuset, og blir også delvis finansiert av kjøpesenteret. Mykje av pengane er det likevel treningsvillige Førdianarar som står for.

Håvard Røneid har stor tru på at det nye treningssenteret til Puls vil gjere det godt.

MILLIONAR: Treningssenteret Puls skal bruke 13,5 millionar kroner på nytt treningssenter i Førde. – Det har balla litt på seg, innrømmer Håvard Røneid.

– Vi har ikkje budsjettert med å få fleire kundar. Med mange kundar har vi dei siste tre åra kunne spart opp litt pengar som vi no kan spytte inn i dette prosjektet.

Puls har lenge vore på utkikk etter eigna lokale, og når treningssenteret no kjem seg opp i høgde og får utsikt over elva, er Røneid sikker på at det er noko også kundane vil like. Han fryktar ikkje konkurransen frå andre treningssenter i byen.

– Det er så mange som trenar her, også ein del frå nabokommunane. Folk er flinke å bruke treningssentera, noko som gjer at vi kan utvikle oss vidare. Det er konkurranse om kundane, men eg trur det er plass til fleire senter.