Kan tene 25 000 på å leige ut til vilt framande

FØRDE (NRK): Ho leiger ut huset til vilt framande i ei veke. Og kan tene 25 000 kroner.

Lisbeth Lauritsen

STOLT: Lisbeth Lauritsen er stolt av byen sin, og vil gjerne at folke skal kjenne seg velkomne.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg vil gjerne opne opp byen vår for dei som har lyst å kome hit. Eg er stolt av byen min. Og vil at folk skal kjenne seg velkomne, seier Lisbeth Lauritsen med eit smil.

Ho er ein av nesten 80 personar som så langt har tilbydd husrom til skyteentusiastar som kjem til Førde til sommaren.

Det trengst. For det er venta opp mot 12 000 tilreisande.

– Vi er ikkje heime. Huset står tomt uansett. Viss nokon andre kan ha nytte av det, er det bra.

Velkommen-skilt
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skyttar søker seng

Landsskyttarstemnet er blant Norges største idrettsarrangement. Under stemnet i Oppdal i 2013 vart det avgjort at Førde skulle få vere vertskap i 2017. Det er fjerde gongen stemnet blir arrangert i Førde.

Christian Rekkedal er styreleiar for stemnet i Førde. Han fortel at dei ventar 5 000 skyttarar på stemnet.

Med følgje og familie kan det vere snakk om 10 000 til 12 000 besøkande totalt.

Publikum på Landsskyttarstemnet i Førde 2008

FOLKELIV: Over 10 000 besøkande tok turen til Landsskyttarstemnet i Førde i 2008. Arrangørane ventar minst like mange i 2017.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi lagar ein eigen campingplass som kan romme 900 campingvogner. Vi har ei rekkje overnattingsstadar i Sunnfjord. Men vi er samtidig avhengige av at folk stiller opp og tilbyr private sengeplassar, seier Rekkedal.

Difor har arrangørane sett opp ein eigen marknadsplass der utleigarar og tilreisande kan finne kvarandre.

Der har nesten 80 personar så langt tilbydd over 600 sengeplassar.

Prisane for å leige hus, hytte eller leilegheit i ei veke varierer frå om lag 15 000 til over 40 000 kroner.

Christian Rekkedal

GENERAL: Christian Rekkedal er styreleiar for Landsskyttarstemnet i Førde. Han er glad for opnar heimane sine for skyttarar.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Håpar på nordlendingar

På Hornnes i Førde vil Lisbeth Lauritsen leige ut 10–11 sengeplassar for 25 000 kroner. Medan ho og familien er på sydenferie.

– Eg gjorde det også for 9 år sidan, sist det var Landsskyttarstemne. Det gjekk kjempefint. Det var veldig kjekke folk som kom frå Nord-Norge og budde i heimen min.

– Det var ikkje slik at dei raserte heimen?

– Ikkje i det heile tatt! Heimen har aldri vore så rein som då dei drog, ler ho.

Lisbeth Lauritsen reiar seng

HUSROM: Lisbeth Lauritsen opnar heimen sin og tilbyr sengeplassar til ivrige skyttarar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kva tenkjer du om at så mange allereie har opna heimen sin for tilreisande?

– Det er kjempebra! Det syner at vi bryr oss, og ønskjer alle velkomne til Førde.

– Er det ikkje litt skummelt å leige ut til vilt framande?

– Det kan det vere. Men eg har god erfaring. Og ryktet seier at landsskyttarfolket er flotte menneske. Dei er her berre for å skyte, ikkje for trøble.

– Kanskje kjem nordlendingane tilbake?

– Ja, dei er i alle fall velkomne!

Landsskyttarstemna - standplass

POPULÆRT: Landsskyttarstemnet er eitt av Norges største idrettsarrangement.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.