NRK Meny
Normal

Treng samarbeid for at barnevernet skal fungere

Berre éin av tre kommunar har akuttberedskap i barnevernet. Når kommunalt barnevern no får fleire oppgåver, blir det fleire interkommunale samarbeid.

Ørnulf Lillestøl

Selje-rådmann Ørnulf Lillestøl ser ikkje korleis hans kommune kan ha akuttberedskap i barnevernet. Han vil dele ansvaret mellom fleire kommunar.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Det kom nyleg ut eit rundskriv frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til alle kommunane i landet, som seier at det skal vere barnevernstilsette tilgjenglege for akuttberedskap på kveldstid og i helgar.

I Selje kommune har dei «reelt sett» personell i barnevernet tilgjengeleg til alle tider på døgnet, ifølge rådmann Ørnulf Lillestøl. Men formelt har dei ikkje det.

– Då må vi organisere det slik at vi set opp bakvakter, og vi må kompensere for dette. Det gjer vi ikkje i dag, seier rådmannen i Selje.

Har ikkje hatt bruk for vakt

Fylkesmannen opplyste til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i 2015 at det er fleire kommunar i Sogn og Fjordane som ikkje har opplevd akutte situsjonar i barnevernet utanfor arbeidstid. Kommunane må no uansett gjere greie for korleis akuttberedskapen skal løysast.

Lillestøl etterlyser samarbeid mellom fleire kommunar dersom det skal vere formell beredskap til alle tider.

– Det vil vere veldig lite fornuftig at kvar mindre kommune skal ha ein eigen, betalt beredskap. Så vi får finne ut om vi skal ha ein felles beredskap for barnevern, seier rådmannen.

– Basert på velvilje

Det er ikkje berre i Selje dei har innsett at dei treng å samarbeide.

Tidlegare i juli inviterte Gloppen-rådmann Jan Kåre Fure kollegane sine i Eid og Stryn til samtalar om utvida samarbeid i barnevernet.

– I dag har vi ein beredskap som er basert på velvilje frå barnevernsleiarane. Eg veit ikkje om nokon kommune i Nordfjord som har eit betalt og organisert vakthald utover arbeidstid, sa Gloppen-rådmannen då.

Tone Marie Nybø Solheim

MEIR SAMARBEID: Med ny reform som gir kommunalt barnevern fleire oppgåver, vil fleire kommunar måtte samarbeide om barnevern, meiner Tone Marie Nybø Solheim i KS.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Vil få fleire oppgåver

Korleis små kommunar skal løyse nye krav om oppgåver i barnevernet er noko Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS) jobbar for å finne ut av. I dag er det veldig ulikt korleis kommunar løyser oppgåvene.

– Det varierer veldig frå kommune til kommune, både på kompetanse og behov. Men det er mange kommunar som no samarbeider for å få det til, seier Tone Marie Nybø Solheim, som er direktør for helse i KS.

I mars i år la regjeringa fram ei reform for barnevernet som gir kommunene fleire oppgåver innan barnevern, som tidlegare har vore statlege. Solheim i KS trur det no vil bli større behov for samarbeid enn det har vore før.

– Heile barnevernet er i endring og alle kommunar vil få ei endring i måtar å organisere seg på. Over sommaren har vi derfor invitert kommunar til å diskutere med departementet korleis kommunane kan møte reformen på ein god måte, seier Solheim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå