NRK Meny
Normal

Håpar å ha gjenreist hytta til Wittgenstein i løpet av tre år

Luster kommune har kjøpt tomta der hytta til den verdskjente filosofen Ludwig Wittgenstein stod, og Harald Vatne i Skjolden bygdelag håpar også å få midlar til å gjenreise den originale hytta på tomta.

Created by InfoDispatcher

I nesten 30 år har det vore jobba for å få gjenreist huset til filosofen Ludwig Wittgenstein i Luster. Aldri har ein vore nærare enn no.

– Kommunen har no fått kjøpt tomta, og dei som eig huset, har sagt seg villige til å byte dette i eit nytt hus. Dermed er grunnlaget til stades for å få gjort noko, seier ei av eldsjelene bak gjenreisinga, Harald Vatne i Skjolden bygdelag.

Men før noko kan gjerast, må det kroner og øre til.

– No startar jakta på pengar, seier Vatne.

Treng fleire millionar kroner

Og det må ein heil del til for å få realisert prosjektet.

– Det trengst nok nokre millionar. Det skal mellom anna byggjast eit nytt hus her, og så skal det gamle fraktast opp, seier Vatne.

Ludwig Wittgenstein si gamle hytte står i Skjolden, på ei tomt det vart flytta til på slutten av 50-talet.

Den opphavlege tomta er på ei hylle i ein bratt fjellskrent 30 meter over Eidsvatnet, ein stad som vart kalla vesle Austerrike av dei som bur i bygda, på grunn av den kjende filosofen.

I dag er det berre grunnmurane som står att der, men no ser det endeleg ut til at mobiliseringa som lokalbefolkninga i Luster og mange andre har stått bak i årevis, endeleg ber frukter.

– Kommunen har allereie kjøpt tomta. Vi håpar at vi i løpet av ein treårsperiode får til noko. Alt står og fell på kor fort vi får tak i pengar, seier Vatne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Grunnmuren etter huset til Wittgenstein i Skjolden

STÅR ATT: Slik ser grunnmuren til hytta til Wittgenstein ut.

Foto: Janneche Strønen

Har bevart hytta

Den opphavlege hytta som Wittgenstein hadde, står i dag i Skjolden. Men ho er ikkje lik seg sjølv. Kledd med eternittplater, er det ikkje mykje som liknar det opphavlege.

Vatne var sjølv med og kledde huset med eternitt då han var 18 år gammal.

– Det er ikkje pent, men det har bevart hytta, og det er viktig, seier Vatne.

Huset vart flytta frå den opphavlege tomta på slutten av 1950-talet.

– Han som budde i hytta, trengde ho ikkje meir. Og då vart det selt til flytting, seier Vatne.

Hytta vart teke ned på isen på vatnet og frakta til staden det står no, der det vart sett opp att.

– Men med nokre forandringar. Då hytta stod i Austerrike hadde det gavlen mot vatnet, og gavlen var den lengste veggen. Dessutan var det ein veranda som gjekk tvers over huset i andre etasje, fortel Vatne.

På verandaen kunne Wittgenstein gå att og fram og kikke ned i Eidsvatnet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Han er ein av verdas mest kjende filosofar - og aller best likte austerrikaren Ludwig Wittgenstein å jobbe i ei lita steinhytte i Sogn. Hundre år seinare vil bygdefolket få historia om han fram i lyset igjen.

Tosidig forhold til lokalbefolkninga

I 1921 gav Wittgenstein ut boka "Tractatus logigo filosoficus", som den dag i dag er rekna som eit av dei viktigaste standardverka innanfor moderne filosofi. Delar av denne boka skreiv han i huset sitt i Skjolden.

Rikmannssonen frå Austerrike fann seg vel til rette i Luster. Men han var ein litt spesiell type.

– Det merkast jo også. Han hadde både kontakt og konflikt med folk her på Skjolden, seier Vatne.

Dei som stod fjernt frå han, såg på han som ein merkeleg figur.

– Ein av naboane mine sa ein gong: me trudde jo han var ein tulling, fortel Vatne.

Men på den andre sida var det også skjoldingar som tykte Wittgenstein var ein fin fyr.

– Dei han var i lag med i Skjolden var jo «upper class», seier Vatne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huset til Wittgenstein i dag

LIGG UNDER: Dette eternittkledde huset skjuler hytta til Wittgenstein.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Ville ha fred og ro

Wittgenstein kom til Luster fordi han ønskte å vere i fred medan han jobba. Og når ein ser på tomta der hytta hans ein gong stod, så er det lett å forstå.

Den ligg langt frå folk, og for å komme seg dit måtte ein ro over Eidsvatnet.

Wittgenstein verva seg til første verdskrigen og trudde ikkje at han kom til å overleve denne.

– På slutten av krigen gav han vekk alt han eigde. Då prøvde han også å byggje vekk denne hytta som han hadde fått bygd, fortel Vatne.

Hytta stod ferdig i 1914, medan Wittgenstein var i krigen.

– Han prøvde å gje den vekk til ein lege som han kjende, men det gjekk ikkje. Seinare fekk Arne Bolstad, sonen til han som eigde grunnen her, hytta, fortel Vatne.

Kjem frå andre sida av kloden for å sjå

Wittgenstein gav dermed vekk heile arven sin, så då han kom tilbake i 1921, var det som ein fattig mann.

– Men det var det han ville. Han sa «å fare verda rundt som ein pengesekk var det verste som kunne skje eit menneske», fortel Vatne.

Folk kjem frå alle verdshjørner for å sjå kor filosofen heldt til i Luster, og Wittgenstein er nok meir kjend i utlandet enn her i Norge.

– I vinter var det ein gjeng her frå Japan som ville sjå kor Wittgenstein budde, seier Vatne.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser