NRK Meny
Normal

22 milliardar kroner kostar det å skredsikre Vestlandet

Behovet for skredsikring i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er på minst 22 milliardar kroner. Totalt er det snakk om 715 skredpunkt på Vestlandet.

Raset sett frå lufta

STORT SKRED: Dette skredet kom nedover fjellsida på fylkesveg 92 til Arnafjord i 2014.

Foto: Ingrid B. Hynne / Statens vegvesen

Det viser nye analysar som er offentliggjort i dag. Regionvegsjef Helge Eidsnes seier dette er store tal og at dei viser litt av dei særskilte utfordringane med vegnettet som vi har her i regionen.

– Det er bygd mykje veg langs fjord og fjell gjennom tidene, og mange stader er det behov for å trygge enkelte skredpunkt. Behovet i Region vest utgjer halvparten av det totale behovet i heile landet. Det seier litt om kvifor skredsikring er eit viktig satsingsområde for oss, seier han i ei pressemelding.

Oversiktene i rapporten tek utgangspunkt i kjente punkt på vegnettet som er utsette for skred og skredfare, og den syner nosituasjonen.

– Nye skredpunkt vil likevel kome til også i framtida, ikke minst på grunn av endringar i klima. Skredutsette punkt blir sammenlikna ved hjelp av skredfaktormodellen, og blir inndelt i høg, middels og låg kategori.

Skredpunkt på Vestlandet

Riksveg

Fylkesvegar i Sogn og Fjordane

Fylkesvegar i Hordaland

Fylkesvegar i Rogaland

Skredfaktor-gruppe

Tal skredpunkt

Kostnad (Mill 2015-kr)

Tal skredpunkt

Kostnad (Mill 2015-kr)

Tal skredpunkt

Kostnad (Mill 2015-kr)

Tal skredpunkt

Kostnad (Mill 2015-kr)

Høg

66

9178

80

7637

44

2300

2

18

Middels

63

879

83

865

70

1176

13

161

Låg

48

18

117

125

94

19

35

97

Sum

177

10078

280

8627

208

3495

50

276

Totalt 715 skredpunkt

Det er 192 skredpunkt på riks- og fylkesvegnettet med høg skredfaktor, berre i Region vest. I middels kategori er det 229 skredpunkt, og i låg kategori 294 punkt.

Totalt er det snakk om 715 skredpunkt langs vegnettet i fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

– Det er viktig å få fram at mange av dei 715 skredpunkta i regionen kan bli utløyste ved at det blir gjort prioriteringar til større vegprosjekt. Til dømes fekk vi ei gledeleg nyhende i førre veke om at vi kan starte planlegging av ny trase mellom Voss og Arna på E16. Dette gjer at 26 skredpunkt blir sikra, seier Eidsnes.

Innspel til transportplan

Kartlegginga er gjort som eit innspel til vegvesenet si prioritering av skredsikringstiltak på riksveg, som går inn som ein del av forslaget til Nasjonal transportplan for 2018-2029.

Oversikt over skredpunkt på fylkesveg vil vere innspel til arbeidet med fordeling av tilskot til skredsikring på fylkesveg.

I handlingsprogrammet for perioden 2014-17 var løyvingane til skredsikring av riksveg 1,2 milliardar kroner i region vest, medan tilskot til skredsikring av fylkesveg var 887 mill kroner.

– Det er store beløp. Sogn og Fjordane har mange vegstrekningar som går langs med fjordane i bratt terreng. Det har vore og er framleis ein del nedfall, fare for skred og skred som kjem. Det er eit stort behov generelt i heile Sogn og Fjordane, seier avdelingsdirektør for Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, til NRK.