NRK Meny
Normal

Treng millionar for å berge skulen til dei nye kommunane overtar

Vågsøy kommune meiner det vil koste fleire millionar kroner i året å halde Bryggja skule open til nabokommunane kan ta over i 2020.

Bryggja skule

SNART HISTORIE: Skulen her er historie til sommar, kanskje blir den omregulert til bustadar.

Foto: Vågsøy kommune

Bryggjaværingane har ikkje gitt opp skulen som skal leggast ned til sommaren.

Bygda har fått innvilga grensejustering, og dei 541 innbyggarane blir ein del av Stad kommune frå 1. januar 2020.

Håpet er at Eid og Selje dermed kan spleise på å halde oppe skulen i 1,5 skuleår. Men Vågsøy reknar prisen årleg til over 4 millionar kroner.

– I utgangspunktet har vi ei budsjettramme på 5,5 millionar. Innsparinga netto vil bli litt mindre, vel fire millionar kroner i året, seier Knut Ove Leite.

I dag har fellesnemnda for Stad kommune i fylgje Fjordabladet vedteke å gå i samtalar med fylkesmannen, departemenet og Vågsøy kommune med mål om å halde oppe skulen fram til 2020. Målet er å finne pengane som trengs.

Frp: Rein sabotasje

Kommunestyrerepresentant Hogne Bleie i Frp, er skaka over prislappen:

– Eg oppfattar det som rein sabotasje. Det betyr i klartekst at Vågsøy kommune tek seg betalt. Det er skammeleg og ein rein hemn mot innbyggarane på Bryggja, seier Bleie.

Hogne Bleie

SABOTASJE: Hogne Bleie (Frp)

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Bleie seier innsparinga ved å legge ned skulen var rekna til å vere mellom 1 og 2 millionar.

– Dette er tal som også kan bestridast. Det har vore skule på Bryggja i 150 år, no er det snakk om å drive vidare i 1,5 år til, då er dette småpengar, seier Bleie.

Har ikkje fått signal frå Eid og Selje

Knut Ove Leite

VIL KOSTE: Rådmann i Vågsøy Knut Ove Leite.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Rådmann Knut Ove Leite seier dei ikkje har fått signal frå naboordførarane om at dei ynskjer spleiselag:

– Det vi diskuterer er å gjere overgangsordninga lettast mogleg for elevane, seier Leite.

Har fått beskjed om at avgjerda står fast

Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) seier dei har spurt om pris:

– Vi har fått beskjed om at nedlegginga står fast. Vi spurte om prislapp og fekk beskjed om mellom 5–6 millionar per år. I Eid har vi ekstremt tronge rammer, og å finne så mykje pengar er i praksis heilt urealistisk.

Om prislappen til dømes var nærmare 1 million kva då?

– Då måtte vi i tilfelle tatt diskusjonen politisk.

Ei vurdering vi må respektere

Ordførarane i Eid og Selje, Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal.

IKKJE RÅD: Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (t.v.) og ordførar i Selje, Stein Robert Osdal

Foto: Bård Siem / NRK

Ordførar i Selje Stein Robert Osdal (KrF) seier ein lågare pris kanskje kunne endra biletet politisk:

– Ting hastar. Eg hadde helst sett at dei venta med å legge ned skulen. Men det er ei vurdering Vågsøy kommune gjer sjølv og som vi må respektere, seier Osdal.

Vurderer å selje skulen til bustadar

Rådmannen seier kommunen vurderer å omregulere skulen til bustadføremål:

– Det er ikkje lenge til 1.1.20 så det er vel naturleg at bygget går inn i oppgjeret mellom kommunane, men det som har vore diskutert administrativt er å sjå på annan arealbruk, sidan vi held på med arealplan.

– Kva anna arealbruk?

I tilfelle å knyte det til det eksisterande bustadområdet, men eg trur ikkje vi legg mykje arbeid i det, seier Leite.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.