Hopp til innhold

Treng meir pengar til EM i vektløfting – håpar fylkespolitikarane opnar lommeboka i dag

I dag skal fylkesutvalet ta stilling til ein søknad om 1,5 millionar kroner i støtte til arrangementet som skal arrangerast i Naustdal i 2016. Men kostnadane har stige sidan søknaden vart send.

Stian Grimseth

KOSTAR: Stian Grimseth i arrangementskomiteen for EM i vektløfting håpar fylkespolitikarane finn pengar til arrangementet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Den tidlegare vektløftaren Stian Grimseth står i spissen for å få EM til heimstaden Naustdal.

Heile arrangementet har ei kostnadsramme på vel sju millionar kroner, og arrangørane har søkt fylkeskommunen om halvannan million i støtte.

– Det er ekstremt viktig at det beløpet vert 1,5 millionar kroner, eller svært tett opp imot, seier Grimseth.

Må ha klar TV-avtale

EM i vektløfting skal arrangerast 2.–8. mai 2016, og det er vektløftargruppa i Tambarskjelvar i Naustdal som har fått tildelt arrangementet.

EM i 2016 vil vere siste sjanse for europeiske løftarar til å kvalifisere seg til OL i Rio, og det er difor venta at mange av dei europeiske landa sender store delegasjonar for å delta på stemnet i Sunnfjord.

Han reiser i dag til Tel Aviv for å møte det europeiske forbundet. Då må han ha klar ei TV-avtale, og finansiering av den.

Tysdag fekk han vite at prisen har auka til to millionar, og det er ein halv million meir enn det han har søkt fylket om.

– Vi har fått tilbakemelding frå TV2 med eit konkret tilbod som gir god dekking av arrangementet, både her i Norge, men også ut i Europa til 50 millionar sjåarar. Kostnadsbiletet er høgare enn kva vi hadde rekna med, seier Grimseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Benny Johansson, Stian Grimseth, Per Mattingsdal, Steinar Kvame, Tom Farsund

FRIDDE TIL VISEPRESIDENTEN: Benny Johansson (lengst til venstre) fekk i august sjå korleis arrangørane i Sunnfjord ville leggje til rette for eit EM i vektløfting. No kan Stian Grimseth, Per Mattingsdal, Steinar Kvame og Tom Farsund glise endå breiare over at dei faktisk har blitt tildelt meisterskapen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vart dyrare enn først tenkt

Han legg til at dei hadde håpa at kostnadane skulle liggje mellom ein og halvannan million, men no syner det seg at prisen ligg på to millionar.

– Det er dyrare enn det vi hadde budsjettert med. Men det sikrar ei enormt god dekking av arrangementet, så det er veldig positivt, seier Grimseth.

Fylkesrådmannen har tilrådd ein halv million. Men fylkespolitikarane vurderer å gje meir. Mellom anna Høgre og Noralv Distad.

– Fylkeskommunen har i sine plandokument sagt at vi bør prøve å få til nasjonale eller internasjonale meisterskap i fylket i løpet av ein fireårsperiode, så det er naturleg for fylkeskommunen å vere positiv til dette arrangementet, seier Distad.

– Er det naturleg for fylkeskommunen å støtte med heile summen som var søkt om, altså 1,5 millionar kroner?

– Nei, det er ein veldig høg sum, og eg trur ikkje det er naturleg å gå inn med heile den summen. Det er rimeleg at det også er fleire som vert med og bidreg, seier Distad.

Meiner dei må strekkje seg langt

Senterpartiet og Jenny Følling lovar meir.

– Eg trur nok at fylket bør strekkje seg over ein million kroner. Vi reknar også med at kommunane går inn med noko i dette arrangementet, slik at ein får i hop det ein treng av pengar til å kunne ta på seg dette, seier Følling.

Arbeidarpartiet hadde tysdag ettermiddag ikkje bestemt seg for kva dei meiner om saka.

Den tidlegare vektløftaren frå Naustdal håpar arrangementet går i boks, men er klar på at utan pengar, skjer det lite.

– Éin million frå fylket er, slik eg ser det no, for lite til å kunne komme i mål. Men eg både håpar og trur at vi skal få dette til, seier Grimseth.

Naustdal og Førde har sagt seg villige til å spleise på TV-avtalane, men har ikkje vedteke nokon sum endå.

Vektløftar-EM skal etter planen nå ut til 50 millionar sjåarar i Europa gjennom Eurosport. TV2 skal sende på sine sportskanalar gjennom heile veka.

Saka blir altså avgjort i fylkesutvalet i dag.