Hopp til innhold

No treng han enda fleire fagfolk

Luster Mekaniske Industri har fått eit luksusproblem. Bedrifta går så godt at dei helst vil tilsette 10-15 nye fagfolk i løpet av våren.

Geir Øren

TRENG FOLK: Geir Øren, dagleg leiar Luster Mekaniske Industri AS, etterlyser fleire fagfolk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Problemet er at det er vanskeleg å få tak i fagfolk til den landbaserte offshore-industrien.

– I dag er vi 54 tilsette, vi kunne godt ha tilsett 10-15 fleire alt no til våren. Det er ei stor utfordring for oss med å skaffe nok fagarbeidarar, seier dagleg leiar ved LMI, Geir Øren, til NRK.

– Kvifor er det så vanskeleg?

– Det er nok eit generelt problem i vår industri, det er nok ikkje berre vi som slit med det. Det er sikkert mange årsaker til det, men det er vanskeleg over heile landet, sler Øren fast.

– Veksten held fram

Han fortel om ei bedrift som går så det griner, ikkje minst fordi dei har langvarige kontraktar med oljeindustrien. I fjor oppnådde bedrifta ei omsetnad på om lag 70 millionar kroner, og eit overskot på seks millionar.

– Vi ser ytterlegare vekst, men vi må ha inn fleire folk. Vi jobbar no med langsiktige kontraktar fram mot 2015, og vi reknar med at denne veksten held fram. Det er ein bra giv her inne, det vil eg seie, seier Øren.

Han peikar og på andre vilkår som gjer at ting går bra for den store mekaniske verkstaden i Gaupne. Ikkje minst ein kommune som har støtta opp, og bedrifta tevlar godt om den tilgjengelege arbeidskrafta.

Sveising

SVEISNE KARAR: Luster Mekaniske Industri i Gaupne treng fleire fagfolk til produksjonen av utstyr til oljeindustrien.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Må byrje tidleg

Jorunn Eide Kirketeig er dagleg leiar PRO opplæringskontoret, som jobbar hardt for å rekruttere fleire til industrien her i fylket. Ho er glad for at situasjonen er slik at fleire bedrifter treng fleire folk. Men ho ber samstundes bedriftene om å tenke langsiktig.

– Når vi skal rekruttere fleire unge til å ta fagutdanning så må vi gjerne byrje alt i 8. klasse på ungdomsskulen. Det handlar mellom anna om motivasjon til å ta ei slik utdanning, seier Kirketeig.

Ho rosar og Fagskulen i Førde, som i år har 15 kandidatar på maskinlinja. Dermed kan industrien nyte godt av flinke folk derifrå også om ei tid.