Hopp til innhold

Treng langt meir skogsveg

- Vi treng fire gonger så mykje veg som vi har i skogen i dag, seier Terje Engvik, som er disponent i Sogn og Fjordane skogeigarlag.

Skogsveg
Foto: Arild Nybø / NRK

Ei full utbyggjing vil koste ein halv milliard kroner, men skogressursane vi ikkje når tak i i dag, er så store at det likevel vil løne seg, seier Engvik. 

 

- Behovet for nye skogsvegar er betydeleg, vi har ein stagnasjon i avvirkinga no, og skal vi få auke igjen er bygging av skogsvegar eit nøkkelord, både for å få tak i granressursane som blir hogstmodne etter kvart og for fururessursane.

Treng ein halv milliard

Skogeigarlaget reknar med at dei treng fire meter veg per dekar produktiv skog. I dag er det berre ein meter veg per dekar. Om berre få år vil ti gonger så mykje skog som i dag vere hogstklar, ei mengd skogbrukarane ikkje veit om dei vil vere i stand til å ta seg av - til dømes fordi dei ikkje kjem til i skogen. Å byggje alle vegane skogeigarlaget treng, vil kosta rundt ein halv milliard kroner. Til samanlikning vart det i fjor brukt 8,3 millionar kroner.

- Løyvingane har vore for knappe, heilt klart, slik at det har lagt ein dempar på aktiviteten.

- Skogsvegar eit nøkkelord

Fylkeskommunen har gitt skogbruket ein million kroner årleg i tilskot dei neste fire åra, i tillegg til dei statlege tilskota. Og alt i mars fortalde seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen, Hans Lauvstad, om dei store mengdene som snart er hogstklare. Også han meiner at nye skogsvegar må vere eit nøkkelord.

- For vår del er det viktig å peike på den ressursen som kjem, slik at ein er i stand til å få tak i han, og då er det vegar og teknisk utstyr for å drive fram tømmer som er det viktigaste.

Håpar på statsbudsjettet

Og no kryssar Terje Engvik fingrane framfor statsbudsjettet, som vert lagt fram på fredag. Utover det vert det viktigaste å få med skogeigarane på ein stor dugnad i tida framover, seier han.